Norges Bank

Korleis jobbar Noregs Bank med DSP?

Utgreiinga av digitale sentralbankpengar har gått føre seg sidan 2016. Her finn du informasjon om utgreiingsarbeidet og lenkje til rapportar og bloggar publisert av Noregs Bank.

Noregs Bank har i fleire år arbeidd med eit internt utgreiingsprosjekt der alle relevante fagområde i sentralbanken har delteke. Vi har vurdert kva eigenskapar slike pengar eventuelt må ha, og kva bruksområde digitale sentralbankpengar (DSP) kan få. Vi har og analysert kva konsekvensar digitale sentralbankpengar kan få for bankane, for finansiell stabilitet og for penge- og likviditetspolitikken. Vidare har me greidd ut kva endringar i lovgivinga som må gjennomførast i samband med ei eventuell innføring av DSP.

Den siste tida har vi brukt mykje tid på å vurdere kva slags teknologi som kan vere aktuell å bruke. Mellom anna har me etablert og testa ein prototype basert på såkalla blokkjedeteknologi. Det er den same teknologien som ligg til grunn for dei mest kjende kryptovalutaene.

Utgreiinga går føre seg i tett samspel med finansbransjen, teknologileverandørar, styresmaktsorgan og andre relevante samarbeidspartnarar i inn- og utland.

Publisert om digitale sentralbankpengar

Publisert i Bankplassen blogg

Sist endret 21. desember 2023 15:00
Sist endret 21. desember 2023 15:00