Norges Bank

Setlar 1994–2020 (utgåve VII)

Utviklinga av den sjuande setelserien var driven av behovet for auka sikkerheit, men òg av omsyn til den auka bruken av minibankar og automatar.

Krav til maskinell behandling set rammene for den kunstnariske utforminga. Nye sikkerheitselement som holografisk stripe, fluoriserande effektar og perlemortrykk blir introduserte. 200-kronesetelen kjem til. Innføringa av ulik storleik både i lengd og høgd gjorde det enklare å skilje mellom valørane, spesielt for blinde og svaksynte. Målformene NORGES BANK og NOREGS BANK blei nytta på høvesvis fram- og baksida. Portretta skulle vere av kjende personar innanfor vitskap og kultur, og minst to av dei skulle vere kvinner. Framsidene blei utførte av grafikar Sverre Morken og baksidene av grafikar Arild Yttri.

50-kronesetel

Utgitt 20.01.1997, ugyldig frå 18.10.2019.
Format: 128 x 60 mm.

Motiva på 50-kronesetelen

Setlar med årstal f.o.m. 2003 er oppgraderte m.a. med breiare sikkerheitstråd og med teksten Noregs Bank i klar skrift. Setlar med årstal f.o.m. 2008 (trykte i utlandet) har ein bokstav framfor serienummeret.

Framside

50 kroner forside

Hovudmotivet på framsida er eit portrett av Peter Christen Asbjørnsen. Asbjørnsens forteljing «En Sommernat paa Krogskoven» dannar utgangspunktet for botntrykket på framsida. Det skaper også tilknytning til Asbjørnsens virke som forstmeister.

Den tolvkanta forma i kopartrykk med ein sekskant inni tek utgangspunkt i ein spindelvev. Her er fleire sikkerheitselement samla.

I vassmerkefeltet er det avbilda ein vidjespenning. Oskeladden slo vidjespenningen omkring skjora i eventyret om prinsessa som ingen kunne målbinde. Vidjespenningen blei elles nytta både på kuband, til inngjerding og på kløvmeisar. Han kan også stå som symbol på Asbjørnsens makelause evne til å samle det beste i den folkelege forteljartradisjonen.

Utført av grafikar Sverre Morken.

Bakside

50 kroner bakside

Som på framsida tek også baksida utgangspunkt i forteljinga «En Sommernat paa Krogskoven».

Dei fleste av oss har vel vore ved eit stille skogsvatn ei sommarnatt og blitt fascinert av den trolske kjensla av å sjå ned i vatnet der skyene speglar seg, ein augestikkar summar forbi, og nøkkerosene står i blom. Dette er noko ei rekkje norske bildekunstnarar har late seg inspirere av, mest kjent er vel Kittelsens fabelaktige teikningar rundt dette temaet.

Nøkkelen i høgre nedkant av setelen er eit symbol Asbjørnsen mellom anna bruker i eventyret «Stabbursnøkkelen i rokkehodet», der gardsguten på ein snedig måte avslører skryt og løgn hos dei han hadde tenkt skulle bli dei framtidige svigerforeldra – nøkkelen kan elles vere eit symbol i overført betydning om det å opne for kontakt med dei underjordiske.

Utført av grafikar Arild Yttri.


100-kronesetel

Utgitt 15.09.1997, ugyldig frå 30.05.2018.
Format: 136 x 65 mm.

Motiva på 100-kronesetelen

Sett i sirkulasjon 15. september 1997, men produsert med årstal f.o.m. 1995. Oppgradert med holografisk metallisk stripe frå 25. mars 2003. Setlar med årstal f.o.m. 2010 (trykte i utlandet) har ein bokstav framfor serienummeret.

Framside

100 kroner forside

Hovudmotivet på framsida er eit portrett av operasongaren Kirsten Flagstad. Sjølve salen i Den Norske Opera dannar utgangspunkt for botntrykket på framsida. Salen er her sett frå scenen mot balkongen og den store sirkelforma i taket.

I rosetten, der det i sentrum er ei sekskanta form, er fleire sikkerheitselement samla.

I vassmerkefeltet er det avbilda eit av Kirsten Flagstads broderi, som er på Kirsten Flagstads minnesamling Strandstuen på Hamar.

Utført av grafikar Sverre Morken.

Bakside

100 kroner bakside

Arkitektane Morgenstierne og Eide blei i 1929 engasjerte til å teikne Folketeaterbygget i Oslo. Bygget stod ferdig i 1935 og fungerte som kino og teaterbygg til Operaen overtok i 1959.

Det er grunnrisset til storsalen som dannar utgangspunktet for dekorasjonane på baksida.

Vignetten i vassmerkefeltet er eit smykke frå ei Wagner-oppsetjing.

Utført av grafikar Arild Yttri.


200-kronesetel

Utgitt 01.11.1994, ugyldig frå 30.05.2018.
Format: 144 x 70 mm.

Motiva på 200-kronersetelen

Oppgradert med holografisk metallisk stripe frå 16. april 2002. Setlar med årstal f.o.m. 2009 (trykte i utlandet) har ein bokstav framfor serienummeret.

Framside

200 kroner forside

Hovudmotivet på framsida er eit portrett av Kristian Birkeland. I botntrykket er det plassert eit nordlys som er sett nedanfrå og som stig opp mot Polarstjerna, som det sentrale punktet.

Elles kan vi finne igjen kjende stjernebilde, slik som Den vesle bjørnen og Karlsvogna med fleire.

I vassmerket er det avbilda Birkelands «Terrella», der han laga kunstig nordlys og dermed demonstrerte at nordlyset kom av elektron som blei sende ut frå sola, passerte gjennom verdsrommet og blei bøygde av i banane sine av magnetfeltet til jorda og styrte inn mot nattsida av jorda der dei fekk fram nordlys.

Snøkrystallen symboliserer den kalde årstida der nordlyset er mest synleg. Her ligg også fleire sikkerheitselement samla.

Utført av grafikar Sverre Morken.

Bakside

200 kroner bakside

Baksida av setelen tek utgangspunkt i dagnordlyset og aktivitetsområdet til dagnordlyset. Medan nattnordlyset på vår side av jorda ligg langs kysten av Troms og Finnmark, opptrer dagnordlyset over Svalbard.

Oppdaginga av nordlysovalen og dagnordlyset er blant dei mest oppsiktsvekkjande resultata av den moderne romforskinga.

I sjølve nordlyshøgda er straumane parallelle med jordoverflata (Earth), medan dei høgare oppe følgjer magnetfeltet til jorda. Desse straumane blir i dag kalla Birkeland-straumane.

Utført av grafikar Arild Yttri.

Her set vi inn eit «at» i omsetjinga for at setninga skal henge i hop. Er det rett tolka frå vår side?

 


500-kronesetel

Utgitt 07.06.1999, ugyldig frå 18.10.2019.
Format: 152 x 75 mm.

500-kroneseddel

Motiva på 500-kronesetelen

Setlar med årstal f.o.m. 2008 (trykte i utlandet) har ein bokstav framfor serienummeret.  

Framside

Hovudmotivet er eit portrett av Sigrid Undset som ung. Rosetten til venstre tek utgangspunkt i ein av blondekragane hennar. Her er mange sikkerheitselement samla.

Botntrykket tek opp element frå åkle frå Gudbrandsdalen, da særleg skybragdmotivet, der korset er eit sentralt element. I vassmerkefeltet er det avbilda eit dobbeltkors.

Utført av grafikar Sverre Morken.

Bakside

«Kransen» er namnet på det første bindet i trilogien om Kristin Lavransdatter. Sigrid Undset bruker kransen som symbol for verdsleg og åndeleg kjærleik. Som bakgrunn for kransen er det brukt eit åklemønster frå Gudbrandsdalen.

Utført av grafikar Arild Yttri.


1000-kronesetel

Utgitt 19.06.2001, ugyldig frå 14.11.2020.
Format: 160 x 80 mm.

Motiva på 1000-kronesetelen

Framside

1000 kroner forside

Hovudmotivet er eit portrett av Edvard Munch som ung. Eit utsnitt av måleriet «Melankoli», som han måla i 1894–95, dannar utgangspunktet for botntrykket på framsida.

I rosetten, der det i sentrum er ei sekskanta form, er mange sikkerheitselement samla.

Utført av grafikar Sverre Morken.

Bakside

1000 kroner bakside

Motivet er eit utdrag av ein studie til Munchs store verk «Solen». Mange kjenner igjen dette motivet frå aulaen i Universitetet i Oslo.

Utført av grafikar Arild Yttri.

Sist endret 17. mars 2026 14:00
Sist endret 17. mars 2026 14:00