Norges Bank

Setlar 1901–1945 (utgåve II)

Den kunstnariske utforminga av setlane i utgåve II blei utført av målaren Oluf Wold-Torne, og dei blei graverte av firmaet Bradbury, Wilkinson & Co. Ltd. i London. Først blei dei òg trykte i London på papir frå Austerrike, men frå 1907 skjedde all trykking i Noreg på papir frå Alvøens papirfabrikk ved Bergen.

I løpet av den lange levetida til denne setelutgåva, frå 1901 til 1945, blei det berre gjort nokre mindre endringar i papirkvaliteten, stilen på trykkinga av årstalet og serienummer og nokre andre detaljar.

Under 2. verdskrigen bestemte ein seg for å inndra og skifte ut den sirkulerande setelmassen når krigen var over. Denne ombytinga tok til å gjelde 9. september 1945, og heile serie II er ugyldig frå same dato.

5-kronesetel

Utgitt 1901–1945. Antal: 203 200 000. Format: 127 x 72 mm.

5-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident W.F.K. Christie.

5-kroneseddel, bakside

Bakside: Olavsrose i midten, stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

10-kronesetel

Utgitt 1901–1945. Antal: 324 400 000. Format: 127 x 72 mm.

10-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident Christie til venstre, admiral Tordenskiold til høgre.

10-kroneseddel, bakside

Bakside: Olavsrose i midten, stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

50-kronesetel

Utgitt 1901–1945. Antal: 31 490 000. Format: 144 x 127 mm.

50-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident Christie.

50-kroneseddel, bakside

Bakside: Eidsvollsbygningen i midten, stilisert vikingkonge til venstre og til høgre krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen utg. I).

100-kronesetel

Utgitt 1901–1945. Antal: 26 450 000. Format: 144 x 127 mm.

100-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident Christie til venstre, admiral Tordenskiold til høgre.

100-kroneseddel, bakside

Bakside: Håkonshallen i midten, stilisert vikingkonge til venstre og til høgre krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen utg. I).

500-kronesetel

Utgitt 1901–1945. Antal: 524 000. Format: 216 x 127 mm.

500-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident Christie.

500-kroneseddel, bakside

Bakside: Akershus slott i midten, stilisert vikingkonge til venstre og til høgre krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen utg. I).

1000-kronesetel

Utgitt 1901–1945. Antal: 978 000. Format: 216 x 127 mm.

1000-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident Christie til venstre, admiral Tordenskiold til høgre.

1000-kroneseddel, bakside

Bakside: Nidarosdomen i midten, stilisert vikingkonge til venstre og til høgre krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen utg. I).

Publisert 26. januar 2006 14:54
Publisert 26. januar 2006 14:54