Norges Bank

Setlar 1962–1987 (utgåve V)

Planlegginga av denne utgåva blei påbegynt i 1955, like etter at 5-kronesetelen i utgåve IV var sett i omløp.

100- og 50-kronesetlane blei graverte ved Bradbury & Wilkinson i London, dei andre blei graverte ved seteltrykkjeriet til Noregs Bank, der grafikarane Knut Løkke-Sørensen (framsidene) og Henry Welde (baksidene) delte arbeidet mellom seg.

5-kronesetelen blei erstatta av ein mynt i 1963, og 10-kronesetelen blei dermed den minste setelen i denne rekkja. Denne «arva» blåfargen frå dei gamle 5-kronesetlane; alle dei andre norske 10-kronesetlane er gule.

10-kronesetel

Utgitt 1972–1984, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 744 900 000. Format: 124 x 66 mm.

10-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Fridtjof Nansen, i midten vignett med krona riksvåpen. 

10-kroneseddel, bakside

Bakside: Nils Flakstads skulptur Fiskeren framfor skip og kraner.

50-kronesetel

Utgitt 1966–1983, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 148 320 000. Format: 145 x 73 mm.

50-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Bjørnstjerne Bjørnson, i midten vignett med krona riksvåpen.

50-kroneseddel, bakside

Bakside: Borgund stavkyrkje.

100-kronesetel

Utgitt 1962–1977, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 341 040 000. Format: 145 x 78 mm.

100-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Henrik Wergeland, i midten vignett med krona riksvåpen.

100-kroneseddel, bakside

Bakside: Oscar Wergelands måleri Riksforsamlingen på Eidsvoll.

500-kronesetel

Utgitt 1978–1985, ugyldig frå 21.06.2002. Antal: 8 400 000. Format: 169 x 90 mm.

500-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Niels Henrik Abel, i midten vignett med krona riksvåpen. 

500-kroneseddel, bakside

Bakside: Universitetet i Oslo, dei tre bygningane på Karl Johans gate.

1000-kronesetel

Utgitt 1975–1987, ugyldig frå 01.08.2001. Antal: 51 930 000. Format: 169 x 90 mm.

1000-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Henrik Ibsen, i midten vignett med krona riksvåpen.

1000-kroneseddel, bakside

Bakside: Peder Balkes måleri Fyrtårnet ved Vardø.

Publisert 26. januar 2006 14:54
Publisert 26. januar 2006 14:54