Norges Bank

Norges Bank Administrasjon (NBA)

Avdelinga har ansvar for støttefunksjonar i Noregs Bank.

Oppgåvene er blant anna:

  • Juridisk rådgjeving og sakshandsaming
  • Ansvaret for finansiell rapportering, verksemdstyring, innkjøp, skatt- og avgiftshandsaming
  • Ansvar for sikkerheit og beredskap
  • Ansvar for servicefunksjonar
  • Ansvar for drift av bankens eigedommar
  • Ansvar for HR-strategi og å ta vare på den sentrale arbeidsgjevarrolla
  • Ansvar for den operative kommunikasjonsverksemda, translatørtenester og informasjonsforvalting

Leiar: Direktør Jane Aamodt Haugland

Einingar i avdelinga:

Juridisk

Eininga står for juridisk rådgjeving og sakshandsaming på heile verkeområdet til sentralbankversemda, med særleg vekt på sentralbanklovgjeving og betalings- og oppgjerssystem, finansielle instrument og formuesforvalting, setlar og mynt og eigenforvaltinga i banken. Eininga har også ansvar for at regler om offentleg sakshandsaming vert følgde.

Leiar: Alexander Behringer

Økonomistyring og rekneskap

Økonomistyring og rekneskap er den sentrale økonomifunksjonen i Noregs Bank og har ansvaret for finansiell rapportering, verksemdstyring (handlingsplan og budsjett), innkjøp, skatt- og avgiftshandsaming, fakturahandsaming og lønningsfunksjon.

Økonomidirektør: Ørjan Agdesteen

Tryggleik og beredskap

Hovudoppgåva til eininga er å ta hand om den operasjonelle tryggleiken til sentralbanken. SIB har ansvaret for sikkerheitsstyring i banken, der beredskap i organisasjonen og strukturell sikkerheit står sentralt. Eininga har også det utøvande ansvaret for fysisk sikring, det vil si vakthald knytt til bygg, verdiar og personar. Andre sentrale oppgåver er å leggje premissar for informasjonssikkerheit, og å forvalte personkontrollen av egne tilsette og innleidde.

Sikkerhetsdirektør: Carl-Axel Hagen

Eigedom og service

Eininga har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av Noregs Banks hovudsete på Bankplassen 2, samt for banken sine ferie- og konferansestader. Norges Banks bygg er eit viktig monumentalbygg i Oslo med høg kulturhistorisk verdi, og oppgåvene har høge og særskilde krav til tryggleik, funksjonalitet og utforming. Andre sentrale oppgåver er å vidareutvikle bygningane og drifta gjennom berekraftig miljøsatsing, effektiv bruk av areal og standardisering av arbeidsplassar for auka fleksibilitet og redusert behov for ombyggingar. Eininga har vidare ansvaret for servicesenter og gjennomføringa av større internasjonale konferansar og arrangement.

Fung. leiar: Hanne Nesteby

HR

Eininga har ansvaret for den sentrale arbeidsgivarfunksjonen medrekna utforming og innføring av HR-strategi, lønn, lønnsforhandlingar, HMS og beredskap for personell og pårørande. HR har og ansvaret for bedriftshelseteneste, og organisasjons- og leiarutvikling innan sentralbankverksemda. 

Leiar: Ada Magnæs Aass

Kommunikasjon

Eininga har ansvar for det operative arbeidet knytt til kommunikasjon i Noregs Bank. Oppgåvene omfattar mediehandtering og medierådgiving for Noregs Bank, ansvar for Norges Banks nettsider, primært norges-bank.no og nbim.no, intranett, språktenester og Kunnskapssenteret.

Kommunikasjonsdirektør: Runar Malkenes

Informasjonsforvalting

Eininga har ansvar for informasjonsforvalting i Norges Bank. Oppgåvene omfattar ansvar for sentralarkiv, fagbibliotek, samlingar og kunstsamling.

Leiar: André Neergaard

 

Sist endret 16. januar 2020 11:10