Norges Bank

Internrevisjonen (IR)

I samsvar med forskrift om risikostyring og internkontroll for Noregs Bank, skal hovudstyret sjå til at Noregs Bank har tilfredsstillande risikostyring og internkontroll.

Internrevisjonens rolle er å støtte hovudstyret i oppfølginga av Noregs Banks verksemd gjennom å gi uavhengige vurderingar og råd om verksemdsstyringa til banken, risikostyring og internkontroll. Internrevisjonen baserer vurderingane og råda sine på observasjonar frå gjennomførde revisjonsprosjekt og på kunnskap opparbeidd gjennom løpande å følgja med på verksemda.

Instruks for Internrevisjonen

Leiar: Jan Thomsen

Sist endret 16. september 2021 11:10
Sist endret 16. september 2021 11:10