Spennende muligheter for deg under utdanning
Noregs Bank tilbyr ulike engasjement og program tilrettelagde for deg som er under utdanning.
Studentengasjement
Fleire avdelingar i Noregs Bank engasjerer studentar til kortare eller lengre oppdrag på heiltid eller deltid.
Noregs Bank legg vekt på at arbeidsoppgåvene skal vere relevante for studieretninga til kvar enkelt student, og studentengasjementa er derfor ei unik moglegheit til å hauste praktisk og fagleg relevant arbeidserfaring under studia.
Gjennom tilpassa opplæringsprogram og nettverkstreff får du også høve til å bli godt kjend med det indre livet i sentralbanken og knyte verdifulle kontaktar.
Ledige studentengasjement blir lyste ut på nettsidene våre på same måte som andre stillingar. Registrer CV-en din for å abonnere på ledige stillingar hos oss.
Noregs Banks casekonkurranse
I samarbeid med studentforeiningar ved lærestader for høgare økonomisk utdanning arrangerer Noregs Bank ein årleg casekonkurranse der studentlag presenterer sine løysingar på ei økonomisk utfordring overfor ein jury av fagfolk i Noregs Bank.
Ph.d.-stipendprogram
Noregs Bank har eit stipendprogram som gir økonomisk støtte til norske studentar som ønsker å ta doktorgrad innan makroøkonomi eller finansiell økonomi ved topprangerte lærestader i utlandet.
Stipenda blir lyste ut éin gong i året, med søknadsfrist 15. april.
Pris for beste ph.d.-avhandling i makroøkonomi
Noregs Banks fond til økonomisk forsking deler ut ein pris på 50 000 kroner for beste doktoravhandling innanfor makroøkonomi. Prisen blir delt ut kvart tredje år. Prisvinnarane blir plukka ut av ein vurderingskomité beståande av to utanlandske økonomar med professorkompetanse.
Les meir om prisen på nettsida til Noregs Banks fond til økonomisk forsking.