Norges Bank

Norges Bank Memo

Kunderetta betalingsformidling 2018

Bruken av betalingskort held fram med å auke. I 2018 vart det gjort til saman 2,5 milliardar transaksjonar med norske betalingskort. Kvar av oss brukte betalingskortet i gjennomsnitt 475 gonger i 2018. Den gjennomsnittlege verdien av korttransaksjonane var 382 kroner.

Kortbetalingar over internett (netthandel) auka på nytt mykje, og utgjer no 12 prosent av alle betalingar med norske kort.

Veksten i mobilbetalingar var òg svært høg. Talet auka frå 91 millionar i 2017 til 141 millionar i 2018. Ein større del av mobilbetalingane vert no belasta bankkonto direkte, og dei fleste av desse går gjennom infrastrukturen for Straksbetalingar. I 2017 vart det utført om lag éin million Straksbetalingar, medan talet i 2018 hadde auka til 58 millionar.

Det var ein ytterlegare nedgang i bruken av kontantinfrastrukturen. Talet på uttak frå minibankar og som cash-back i butikkar minka med høvesvis 13 og 18 prosent frå 2017 til 2018. Nedgangen i uttak av kontantar frå minibankar og i butikkar er ikkje av ny dato, men har vore særskilt høg dei seinaste åra. Utvalsundersøkingar frå Noregs Bank syner at kontantar vert nytta i om lag kvar tiande betaling som privatpersonar gjer på utsalsstader og til andre privatpersonar.

Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse. 

ISSN 1894-0277 (online)

Publisert 23. mai 2019 10:00
Publisert 23. mai 2019 10:00