Norges Bank

Norges Bank Memo

Kunderetta betalingsformidling 2022

Les rapporten her (nettformat)

Hovudpunkt:

  • Noreg er eit av dei landa i verda der innbyggjarane bruker betalingskorta sine flest gonger kvart år. I gjennomsnitt brukte kvar innbyggjar i Noreg betalingskorta sine 531 gonger i 2022.
  • 86 prosent av betalingane mot fysiske betalingsterminalar i 2022 var kontaktlause. Dei aller fleste av desse vart gjorde med fysiske kort. Sjølv om talet på betalingar med mobil, klokke eller armband har mangedobla seg dei siste to åra, utgjer dei framleis berre om lag 6 prosent av kontaktlause betalingar mot fysiske betalingsterminalar og om lag 4 prosent av alle betalingar mot fysiske betalingsterminalar.
  • Det har i fleire år vore sterk vekst i netthandelen med kort. Den seinaste tida har også bruken av kort i utlandet og kortbetalingar på fysiske utsalsstader gjennom ulike appar vakse sterkt. Dette har medverka til at marknadsdelen til dei internasjonale korta har stige, sidan det berre er desse korta som kan nyttast i dei nemnde betalingssituasjonane. 43 prosent av kortbetalingane i 2022 vart gjorde med internasjonale kort, opp frå 37 prosent i 2021.
  • Bruken av kontantar har falle gjennom lang tid, men har halde seg stabil dei aller seinaste åra. Den seinaste undersøkinga vår syner at 3 prosent av dei spurde nytta kontantar ved den siste betalinga si på ein fysisk utsalsstad. Trass i låg bruk har etterspurnaden etter kontantar auka det siste året. For første gong på lenge gjekk talet på uttak frå minibankar og i butikkar noko opp

 

Retta versjon publisert 1. juni 2023: I kapittel 2 er det gjort ei retting. Setninga "Av desse att vart 318 millionar gjorde med fysiske kort, medan 118 millionar altså vart gjorde med mobil, klokke eller armband." er bytt ut med "Av desse att vart 323 millionar gjorde med fysiske kort, medan 113 millionar vart gjorde med mobil, klokke eller armband."

Forsidebilde av publikasjonen Kunderetta betalingsformidling 2022

Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse. 

ISSN 1894-0277 (online)

Publisert 25. mai 2023 10:00
Sist endret 1. juni 2023 10:25
Publisert 25. mai 2023 10:00
Sist endret 1. juni 2023 10:25