Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i juli 2023

Noregs Bank vil kjøpe valuta på vegner av staten tilsvarande 1000 millionar kroner kvar dag i juli 2023. 

Det er i dag publisert ofte stilte spørmål og svar om Noregs Banks valutatransaksjonar på vegner av staten. Svara inkluderer eit døme på korleis Noregs Bank bereknar valutatransaksjonane for ein månad.

Den norske stat har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekke eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytta til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.

Les meir om petroleumsfondsmekanismen og valutatransaksjonane på vegner av staten.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 30. juni 2023 10:00
Publisert 30. juni 2023 10:00