Norges Bank

Pressemelding

Valuta til Statens pensjonsfond utland i oktober 2014

Noregs Bank vil selje valuta tilsvarande 250 millionar kroner kvar dag i samband med avsetninga til Statens pensjonsfond utland (SPU) i oktober 2014.

Noregs Bank står for avsetningane til fondet på vegner av staten. Overføringane skjer månadleg i utanlandsk valuta. Avsetningane til SPU blir primært dekte av valutainntekter frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE). Dersom valutainntektene frå SDØE ikkje er tilstrekkelege for å dekkje avsetningane, vil Noregs Bank kjøpe det resterande i marknaden. Dersom valuta frå SDØE overstig avsetningane til SPU, vil Noregs Bank selje det overskytande valutabeløpet i marknaden.

For meir informasjon, sjå Valuta til Statens pensjonsfond utland

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 30. september 2014 10:00