Andrehandsmarknaden
Norske statspapir er fritt omsettelege i marknaden. Dei blir handla på fleire elektroniske handelsplattformer og over telefon. Statspapira er noterte på Oslo Børs.
Primærhandlarar
For å fremme likviditeten i den norske statspapirmarknaden har Noregs Bank inngått avtalar med nokre bankar om å vere primærhandlar i vekslar og obligasjonar. Primærhandlarane har einerett og plikt til å delta i alle auksjonane av statspapir. Dei er også forplikta til kontinuerleg å stille kursar i alle statslåna i opningstida til den norske marknaden («market making») og til å fremme interessa for norske statspapir.
Desse meklarføretaka er primærhandlarar for statsobligasjonar og statskassevekslar:
- Danske Bank
- Deutsche Bank
- DNB Carnegie
- Nordea
- Skandinaviska Enskilda Banken
Norske og utanlandske meklarfirma/investeringsbankar med konsesjon frå tilsynsmyndigheitene i sine respektive land kan søkje om å bli primærhandlar i norske statspapir. For å bli primærhandlar må det underteiknast særskilde primærhandlaravtalar for statskassevekslar og statsobligasjonar, i tillegg til ein rammeavtale for inngåing av gjenkjøpsavtalar.
Søknad skal sendast til debtmanagement@norges-bank.no. Noregs Bank vil gjennomføre ein «know your counterparty»-prosess før avtalane blir underteikna.
Omsetning
Primærhandlarane rapporterer på dagleg basis alle kjøp og sal av statspapir til Noregs Bank. Alle rapporterte transaksjonar blir registrerte med den geografiske tilhøyrselen til motparten og kva slags investor motparten er. Basert på den rapporterte omsetninga blir det månadlege omsetningstalet publisert.
Omsetningstala kan fordelast på instrumenttype, lån, motpartstype og region. Dataa omfattar både ordinær omsetning i andrehandsmarknaden og omsetning i gjenkjøpsavtalar. Dataseriane går tilbake til januar 2013 og inneheld tal for alle uteståande norske statspapir i perioden. Data for gjenkjøpsavtalar går tilbake til januar 2018. Gjenkjøpsavtalar som Noregs Bank har inngått på vegner av Finansdepartementet, er inkluderte i omsetningstala og hamnar under kategorien ‘Offentlige myndigheter eller overstatlige institusjoner’. Alle omsetningstal blir publiserte i millionar norske kroner.
Omsetningstala blir oppdaterte den 10. i kvar månad med tal for den førre månaden. Tala blir oppdaterte den 10. for å ta høgde for eventuelle revideringar av dataa, men det kan ikkje utelukkast at omsetningstal som er publiserte på eit tidlegare tidspunkt, blir reviderte.
Ei nærmare beskriving av dataa og eksempel på bruksmåtar er tilgjengelege i Statsgjeld Memo 1/2022: «Omsetningen i det norske statspapirmarkedet»
Utlån av verdipapirer
Primærhandlarane har moglegheit til å låne statspapir ved å inngå gjenkjøpsavtalar med Noregs Bank i alle dei uteståande statspapira, både vekslar og obligasjonar. Desse avtalane inneber at primærhandlarane mellombels kan kjøpe statspapir frå staten si eigenbehaldning med ein samtidig avtale om tilbakesal. Gjenkjøpsavtalane blir gjennomførte som buy/sellback-transaksjonar mot at primærhandlarane stiller garanti i form av innskot på staten sin konto i Noregs Bank. Dei får ei rente på denne kontantsikkerheita.
Gjenkjøpsordninga er eit trinnsystem. Det første trinnet gir primærhandlarane høve til å låne tre milliardar kroner i kvart statspapir, der renta på kontantsikkerheita er 10 basispunkt lågare enn styringsrenta. I trinn 2 kan primærhandlarane låne ytterlegare éin milliard kroner i kvart statspapir, men da vil renta på kontantsikkerheita vere 100 basispunkt lågare enn styringsrenta.
Gjennom gjenkjøpsavtalane er primærhandlarane sikra at dei alltid kan levere eit statspapir som ein investor etterspør i andrehandsmarknaden.
Primærhandlarane må inngå ein eigen rammeavtale om gjenkjøpsavtalar.
Kursar og renter
Noregs Bank publiserer kvar dag etter kl. 16:15 dei beste sluttkursane og -rentene for kvart enkelt statslån (statskassevekslar og statsobligasjonar).