Norges Bank

Forsidebilde av publikasjonen Årsrapport setlar og myntar 2024

1. Innleiing

Sjølv om bruken av kontantar i Noreg har gått ned over mange år og er lågare enn i dei fleste andre land, speler kontantar framleis ei viktig rolle i betalingssystemet. Kontantar er særleg viktige av beredskapsomsyn og for å sikre finansiell inkludering. Dei gir òg publikum tilgang på sentralbankpengar. Noregs Bank og bankane har ansvar for kontantforsyninga i Noreg. Rapporten beskriv hovudstrukturen i kontantforsyninga og gir ei oversikt over utviklingstrekka for kontantar i omløp og verksemda til Noregs Bank. Rapporten går òg inn på andre forhold ved kontant­forsyninga som kan påverke funksjonen til kontantane.

2. Kontantforsyninga i Noreg

Noregs Bank skal forsyne det norske samfunnet med kontantar. ­Forsyningsplikta skal ivaretakast på ein måte som fremjar ei effektiv samla kontantforsyning og samtidig bidreg til effektivitet og sikkerheit i det samla betalingssystemet.

Banken har ei primær forsyningsplikt. Det inneber å sørgje for at det blir utferda nok setlar og myntar, og at kontantane som blir utferda, har god nok kvalitet. Noregs Bank skal òg halde ved lag tilfredsstillande løysingar for å løyse inn utgåtte setlar og myntar.

I tillegg har Noregs Bank ei sekundær forsyningsplikt. Det inneber at banken skal leggje til rette for at kontantane som er utferda, blir gjorde ­tilgjengelege i samfunnet.1 Noregs Bank oppfyller den sekundære ­forsyningsplikta si ved å sørgje for at arbeidsdelinga mellom Noregs Bank og bankane er slik at kvar av partane har ansvar for dei funksjonane dei har best føresetnader for å ivareta. Vi overvakar dessutan korleis kontant­forsyninga fungerer, informerer Finansdepartementet og foreslår tiltak dersom vi meiner at kontantforsyninga frå bankane og ut ikkje fungerer godt nok i normal- og beredskapssituasjonar. Vi har òg iverksett enkelte tiltak som gjer den delen av kontantforsyninga som bankane har ansvar for, meir effektiv.2

Som illustrert i figur 1 set Noregs Bank setlar og myntar i sirkulasjon ved å forsyne bankane med kontantar frå fem sentralbankdepot. Desse ligg i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo. Fire av sentralbank­depota er drifta av Nokas Verdihåndtering AS. Noregs Bank driftar sjølv sentralbankdepotet i Oslo.

Slitne setlar og myntar blir destruerte av Noregs Bank. Setlar og myntar som ikkje lenger er tvungne betalingsmiddel, kan etter nærmare reglar løysast inn direkte i Noregs Bank.

Sjå nærmare omtale av verksemda til Noregs Bank i kapittel 4.

Figur 1 Ansvarsdeling og kretsløp, forsyning av setlar og myntar
Flytdiagram
Kjelde: Noregs Bank

Bankane har ansvaret for den vidare kontantforsyninga til kundane. Dei har ei lovpålagd plikt til å tilby kundane sine å gjere innskot og uttak av kontantar i tråd med deira forventingar og behov. Plikta gjeld òg i ­situasjonar med auka etterspørsel etter kontantar som følgje av svikt i ­tilgangen til dei elektroniske betalingssystema. Dette kan gjerast i eigen regi eller gjennom avtale med andre som tilbyr kontanttenester.3 Plikta omfattar uttaks- og innskotstenester både for private og for nærings­drivande.

Alle bankar med konto i Noregs Bank kan hente og levere kontantar direkte i Noregs Bank, men bankane har valt å organisere seg ved å bruke private kontantdepot, og i praksis skjer all ut- og innlevering av kontantar til Noregs Bank via privatdepota. Private kontantdepot kan opprettast av bankar med konto i Noregs Bank etter behov. Noregs Bank betaler etter gitte vilkår rentekompensasjon for behaldningane i privatdepota, slik at eit innskot i eit privatdepot økonomisk er likestilt med eit innskot i eit ­sentralbankdepot.

Ordninga blir praktisert slik at alle kontantar som blir oppbevarte i dei private kontantdepota, er eigde av éin bank. Privatdepota blir drifta av anten Nokas eller Loomis. Ved utgangen av 2024 var det åtte private ­kontantdepot, mot ti i 2022. Bankar som har behov for å setje inn eller ta ut kontantar, gjer dette ved å kjøpe tenester frå Nokas eller Loomis.

Kontanttenestene ut til kundane består i hovudsak av automattenester i form av minibankar, innskotsautomatar og resirkuleringsautomatar, ­kontanttenester i butikk (KiB)4 og nattsafe. Enkelte bankfilialar tilbyr ­framleis tenester over skranke.5 Ein stor del av kontanttenestene bankane leverer, er utkontrakterte og blir drifta av kontanthandteringsselskapa Nokas og Loomis. Nokas og Loomis tilbyr òg kontanttenester i form av eigne minibankar og dessutan nattsafetenester og andre ­kontanttenester direkte til næringsdrivande. Det inneber å levere veksel og hente kontantomsetning og sørgje for at næringslivskundar får gjort innskot av kontantomsetninga på bankkontoane sine.

  1. 1 Omgrepa primær og sekundær forsyningsplikt er ikkje brukte i sentralbanklova, men er utleidde frå lovføresegnene i § 1-2 og §§ 3-4 til 3-6. Sjå mellom anna Innst. O. nr. 13 (1999–2000): Innstilling fra finanskomiteen om lov om betalingssystemer m.v., vedlegg 2.

  2. 2 Per i dag er dette rentekompensasjon for kontantbehaldningar i privatdepot og transportstøtte i Finnmark. Sjå nærmare omtale lenger nede i kapittel 2.

  3. 3 Sjå finansføretakslova § 16-4 og finansføretaksforskrifta §§ 16-7 og 16-8.

  4. 4 Kontanttenester i butikk (KiB) er ei teneste frå BankID BankAxept AS som bankar kan knyte seg til. Kundar av bankar som er tilknytte tenesta, kan ta ut og setje inn kontantar i Norgesgruppen-butikkar over heile landet. Per i dag er det over 90 bankar som er med. Les meir her: Kontanttenester i butikk.

  5. 5 Ei undersøking som Finanstilsynet gjorde i desember 2020, viste at 45 bankar hadde filialar med banktenester – 137 filialar med kontanttenester totalt. Ved utgangen av 2023 var det 74 slike filialar.

3. Nærmare om setlar og myntar i omløp

3.1 Volum i omløp

Tala for kontantar i omløp omfattar dagens og førre utgåve av setlar (utgåve VIII og utgåve VII) og noverande utgåve av myntar.

Figur 2 viser utviklinga i verdien av kontantar i omløp i perioden ­2005–2024. I 2024 var den gjennomsnittlege verdien på kontantar i omløp 38,5 milliardar kroner. Det er 1,2 milliardar (3,1 prosent) lågare enn omløpet i 2023.

Figur 2 Kontantar i omløp fordelt på setlar og myntar
Milliardar kroner. 2005–2024, årsgjennomsnitt av siste dag i månaden
Linjediagram for 2005 til 2024 fordelt på setlar og mynt
Kjelde: Noregs Bank

Årsgjennomsnittet for verdien av setlar i omløp i 2024 utgjorde 34,3 ­milliardar kroner, ein nedgang på 1,2 milliardar kroner (3,4 prosent) frå 2023. Verdien av myntar i omløp viser ein nedgang frå 4,22 til 4,19 ­milliardar kroner (0,8 prosent) frå 2023 til 2024.

Figur 3 viser endringar i samansetjinga av dei ulike setelvalørane dei siste ti åra. Valørsamansetjinga blir påverka både av bruksmønsteret og av infrastrukturen i kontantforsyninga, mellom anna kva valørar som blir nytta i minibankar. I 2024 var det i gjennomsnitt 111,7 millionar setlar i omløp, ein nedgang frå 115,2 millionar (3,4 prosent) frå 2023. Det har vore fleire år med stor nedgang i talet på 1000-kronesetlar i omløp, berre avbrote av ein liten auke i 2022 og 2023. I 2024 var det igjen ein liten nedgang frå 7,6 til 7,5 millionar setlar (2 prosent). 500-kronesetelen har hatt ein auke dei fem siste åra, men i 2024 har det vore ein nedgang frå 38,6 til 37,1 millionar setlar (3,8 prosent). Talet på 200-kronesetlar har gått ned frå 27,7 til 26,4 millionar (4,7 prosent). 100-kronesetelen har hatt ein nedgang frå 20,2 til 19,7 millionar setlar (2,2 prosent), og talet på 50-krone­setlar i omløp er uendra frå 2023, 21 millionar setlar.

Figur 3 Samansetjinga av setelomløpet
Millionar stykk. 2015–2024, årsgjennomsnitt av siste dag i månaden
Linjediagram for 2005 til 2024 fordelt på setlane 50, 100, 200, 500 og 1000 kr
Kjelde: Noregs Bank

Det er berre små endringar i valørsamansetjinga for myntar.

Mengda kontantar i omløp er avhengig av kor mykje som blir brukt til betalingar og verdioppbevaring, men òg av endringar i kontant­infrastrukturen og sirkulasjonsmønstera.

Det er typiske sesongsvingingar i kontantomløpet gjennom året med ein topp i samband med jula, sjå figur 4. Elles er det mindre toppar i omløpet ved påsketider og om sommaren. Sidan 2021 har sesongsvingingane vore svakare enn tidlegare.

I 2020 såg vi ein uvanleg auke i talet på kontantar i omløp frå korona­utbrotet i mars til ein topp på 42,5 milliardar i august. Då Russland ­invaderte Ukraina i februar 2022, såg vi ein moderat auke ut over normale sesongvariasjonar dei første vekene, fram til utgangen av mars.

Figur 4 Utviklinga i omløpet gjennom året
Milliardar kroner. Januar–desember
Linjediagram fordelt på 2020, 2021, 2022, 2023 og 2024
Kjelde: Noregs Bank

Den nominelle verdien av kontantar i omløp var i perioden frå 2006 fram til 2015 svært stabil. Frå 2015 til 2019 fall han med 19 prosent, og frå 2019 til i dag har han falle ytterlegare 6 prosent (sjå figur 2).

Realverdien av kontantar i omløp har òg falle betydeleg i den same ­perioden. Målt i forhold til BNP Fastlands-Noreg og privat konsum har kontantar i omløp vist ein jamn nedgang dei siste 15 åra. I 2024 er omløp målt i forhold til BNP Fastlands-Noreg og i forhold til privat konsum høves­vis 0,9 og 1,9 prosent. Dette er noko lågare enn i 2023. Kontant­delen av verdien av betalingsmiddel som publikum disponerer (M1), har òg falle jamt over tid, og i 2024 fall han frå 1,43 prosent til 1,41 prosent, jf. figur 5. Det er svært lågt samanlikna med dei fleste andre land vi har ­statistikk frå.

Figur 5 Kontantar i omløp målt i forhold til M1, BNP og privat konsum
Prosent 2015–2024
Linjediagram for 2005 til 2024 fordelt på "Omløp i % av BNK Fastlands-Noreg", "Omløp i % av privat konsum" og "Omløp i % av M1".

Kjelde: Noregs Bank, SSB

3.2 Kvaliteten på setlar i omløp

For at setlar skal fungere effektivt som betalingsmiddel, må kvaliteten på setlar i omløp vere god nok. Er setlane for slitne, kan publikum ha problem med å kjenne igjen sikkerheitselementa, og det vil vere utfordrande å handtere setlane maskinelt. Det kan òg medføre at fleire ikkje vil akseptere slitne setlar som betalingsmiddel.

Noregs Bank definerer krav til kvalitet gjennom regelverket for bank­innskot og -uttak i sentralbanken. Bankane har ansvar for at setlar er ­sorterte som gode eller slitne i tråd med dette regelverket, før innskot i Noregs Bank. Slitne setlar skal leverast til Noregs Bank for destruksjon. Det er òg krav til kvalitetssortering for behaldningar i private depot for å unngå at slitne setlar blir sette ut igjen i sirkulasjon via desse.

Noregs Bank kartlegg utviklinga i kvaliteten på setlar i omløp, og to gonger i året hentar vi inn og analyserer eit stikkprøveutval av setlar frå fem regionar. I tillegg hentar vi inn månadleg statistikk over setlar som er kvalitetssorterte av teljesentralar. Til saman gir dette eit godt grunnlag for å vurdere korleis kvaliteten utviklar seg, og om det er behov for ­justeringar.

Noregs Bank har gjort slike undersøkingar sidan 2009. Utskiftinga av setelserien inneber at setlane som no sirkulerer, er relativt nye, og ­gjennomsnittskvaliteten er derfor god. Sjølv om vi ser at kvaliteten på setlane som er i omløp, har gått noko ned dei siste par åra i takt med at dei i gjennomsnitt har vore lenger i sirkulasjon, er han likevel høgare enn det vi har definert som akseptabelt nivå.

I tillegg til å justere sorteringskriteria kan Noregs Bank gjere endringar i setlane for at dei skal bli meir robuste for slitasje i omløp. Slike endringar kan gjerast når det kjem ein ny setelserie, eller når ein eksisterande ­setelserie skal oppgraderast. Ved overgangen til setelserie VIII valde Noregs Bank å leggje på ferniss for å forlengje levetida. Det inneber at ein legg på eit tynt lag polymerbasert materiale etter trykking for å gi setelen ei overflate som toler smuss og fukt betre. Endringar av denne typen kan ikkje gjerast ofte, så dette er eit langsiktig verkemiddel.

Figur 6 viser kor stor prosentdel av setlane i omløp som blir kvalitets­sorterte ved teljesentralar kvar månad. Som det går fram av figuren, er det forskjellar mellom valørane, men ein generell trend er at setlane kjem sjeldnare inn til teljesentralane enn tidlegare. Endringar i både bruks­mønster, sirkulasjonsmønster og infrastruktur kan påverke kor ofte setlane kjem inn til teljesentralen for å bli sorterte. Dei siste åra har ­utskiftinga av den gamle setelserien påverka sorteringsfrekvensen.

Tala for sorteringsfrekvens tilseier at 50-kronesetlane i gjennomsnitt blir kvalitetssorterte om lag 0,2 gonger per år, mens 100-kronesetlane og 1000-kronesetlane blir sorterte høvesvis 0,5 og 0,4 gonger. 200-kronesetlane og 500-kronesetlane blir sorterte høvesvis 1,2 og 0,9 gonger kvart år.

Vi såg ein tydeleg nedgang i inngangen til teljesentralane i mars 2020. Det samsvarer med nedstenginga på grunn av koronapandemien. Inngangen av 200- og 500-kronesetlar har teke seg opp igjen, mens 50- og 100-kronesetlane blir verande på eit lågare nivå enn før korona­utbrotet. Denne utviklinga kan òg ha samanheng med at tenesta ­kontantar i butikk, som blei etablert i 2020, har påverka kontant­sirkulasjonen. Når kontantane i større grad blir resirkulerte frå butikkane, kjem dei sjeldnare inn til teljesentralane. Den sterke auken i inngangen av 1000-kronesetlar fram til årsskiftet 2020/2021 skriv seg hovudsakleg frå at utgåve VII blei ugyldiggjord 15. november 2020 og bytta ut med utgåve VIII.

Figur 6 Del av omløpet som er kvalitetssortert/behandla av teljesentral
Prosent per månad. Januar 2015–desember 2024
Linjediagram for 2005 til 2024 fordelt på setlane 50, 100, 200, 500 og 1000 kr
Kjelde: Noregs Bank

3.3 Falske setlar

I 2024 registrerte Kripos 2045 falske setlar, ein auke samanlikna med ­tidlegare år. Det svarer til om lag 18 falske setlar per million setlar i omløp. Det er høgt samanlikna med det vi har registrert tidlegare. Setlane som Kripos registrerer, er totale beslag som òg omfattar setlar som ikkje har vore i sirkulasjon. Enkeltsaker kan derfor gi store utslag. Det er ikkje ­registrert fleire falske setlar i sirkulasjon enn tidlegare. Til samanlikning er det tilsvarande talet for eurolanda i 2024 cirka 18 per million.6 ECBs statistikk omfattar berre setlar som er beslaglagde frå sirkulasjon, ikkje det totale beslaget.

Dei fleste forfalskingane av norske setlar som er avdekte, har vore av dårleg kvalitet og utan etterlikningar av sikkerheitselement. Dei er dermed enkle å avdekkje ved å sjekke sikkerheitselementa som er berekna for publikum. Vurderinga vår hittil er at det omfanget og den ­kvaliteten vi ser på forfalskingar, ikkje gir grunn til bekymring for at tilliten til setlane kan bli svekt.

Figur 7 Beslaglagde falske norske setlar 2015–2024
Stolpediagram for 2005 til 2024 fordelt på setlane 50, 100, 200, 500 og 1000 kr
Kjelde: Kripos
  1. 6 Kjelde: ECB, pressemelding publisert 21. februar 2024

4. Eiga verksemd

4.1 Publikumstenester

Innveksling av utgåtte setlar og myntar

Publikum kan løyse inn setlar og myntar som ikkje lenger er tvungne betalingsmiddel, hos Noregs Bank i Oslo eller ved dei andre sentralbankdepota. Dette gjeld setlar av utgåve IV, V, VI og VII og gamle 50-øremyntar, 5-kronemyntar og 10-kronemyntar. Pengane og eit søknadsskjema kan sendast via post til Noregs Bank eller leverast i resepsjonen ved hovudkontoret i Oslo. Det er òg mogleg å veksle setel mot setel av utgåve VII for opptil 7000 kroner ved dei fem sentralbankdepota.

Det er framleis stor inngang av vekslingssaker. I 2024 hadde Noregs Bank ca. 24 400 saker med utgåtte setlar og myntar for utbetaling til konto, mot om lag 24 700 i 2023. Setlane og myntane blei sende via post eller leverte i resepsjonen. I tillegg blei det gjennomført om lag 18 000 vekslingar setel mot setel over disk i 2024. Noregs Bank behandlar sakene i samsvar med kvitvaskingsreglane. I tillegg kjem det inn utgåve VII-setlar frå bankane som innskot.

Tabell 1 viser kor mange setlar av utgåve VII som er i omløp per 31.12. (millionar stykk og millionar kroner). Ved utgangen av 2024 var det totalt 23,6 millionar setlar av utgåve VII til ein verdi av 4,9 milliardar kroner i omløp. Det blei veksla inn ca. 323 millionar kroner i setlar av utgåve VII i 2024, mot ca. 425 millionar kroner i 2023, og av desse kom 85 millionar som innskot frå bankar, mot 205 millionar i 2023.

Tabell 1

2020

2021

2022

2023

2024

Millionar stykk

50 kr

10,3

10,0

9,8

9,6

9,5

100 kr

6,9

6,7

6,5

5,7

5,6

200 kr

4,7

4,6

4,4

4,2

4,1

500 kr

4,0

3,6

3,2

2,9

2,7

1000 kr

3,3

2,5

2,1

1,9

1,7

2020

2021

2022

2023

2024

Millionar kr

50 kr

513

500

488

479

473

100 kr

686

671

583

569

556

200 kr

948

915

878

848

827

500 kr

1 996

1 776

1 591

1 467

1 366

1000 kr

3 333

2 513

2 136

1 888

1 695

Totalt

7 475

6 375

5 676

5 250

4 917

Innvekslinga av utgåve VI viste at det meste som er i omløp, vil komme tilbake til Noregs Bank etter ei stund. Det er likevel grunn til å tru at ein mindre del av setlane er gått tapt og derfor aldri vil bli innløyste av ­publikum. Det gjeld spesielt dei lågare valørane. Ved utgangen av 2023 rekna vi med at setlar for ein verdi av ca. 500 millionar kroner ikkje vil komme tilbake til Noregs Bank. Dette er avsett og inntektsført i rekne­skapen til Noregs Bank i 2023 og vidareført i 2024.

Erstatningssaker

Publikum kan få erstatta sterkt skadde eller bortkomne setlar og myntar etter forskrift om erstatning for sterkt skadde eller bortkomne setlar og myntar. Det blir ikkje behandla mange slike søknader i året (10–20 stykk). Mindre erstatningssaker som avrivne enkeltsetlar blir behandla som vekslingar.

4.2 Minnemyntar

I 2024 har Noregs Bank gitt ut ein minnemynt i form av ein 20-krone-­sirkulasjonsmynt med spesialpreg for å markere at Magnus Lagabøtes landslov er 750 år. Noregs Bank inviterte fem deltakarar til ein ­konkurranse om å utforme jubileumsmotivet på baksida av mynten. ­Pregkomiteen kåra forslaget «Segl» av kunstnaren Michael Guilfoyle som vinnar av konkurransen.

Noregs Bank rettar seg etter ei liste over hendingar som ein rådgivande komité har utarbeidd. Det er ikkje vedteke fleire utgivingar av minnemynt frå denne lista.

Kvinne på podium foran en forsamling. På storskjerm i bakgrunnen vises for- og bakside av 20-kr minnesmynt
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache under Noregs Banks årstale i 2024. Kjelde: Noregs Bank