Om vassmerket - lundefuglen
Vassmerket er eit viktig tryggingselement på setlar og framstår i gråtonar når setelen blir halden opp mot lyset. Gråtonane kjem som følgje av at papiret har ulik tjukn. Dei siste setelutgåvene har hatt portrettet på setelen som vassmerke. Med «havet» som overordna tema for den nye setelserien var det viktig å finne eit motiv som er relevant for temaet, og som samtidig har portretteigenskapar i form av gradvise, eller skulpturelle, overgangar. Valet fall på lundefuglen, som er ein kjend sjøfugl med ein svært karakteristisk utsjånad.
På latin: Fratercula arctica, engelsk.: Atlantic puffin, tysk: Papageitaucher, fransk: Macareux moine
Teksten er henta frå Norsk Polarinstitutts nettsider samt fra Wikipedia
Lundefuglen er ein mellomstor alkefugl som er lett å kjenne igjen på det store og fargerike nebbet. Han blir 26–29 cm lang og 310–550 gram tung. Kjønna er like. Forutan det store nebbet har lundefuglen eit karakteristisk stort, gråkvitt kinnfelt som er skilt frå det kvite brystet av eit ubrote svart brystband. Oversida er svart, mens undersida er kvit. Beina er oransjeraude. Det kraftige nebbet er samantrykt frå sidene og har fòrer i raudt, gult og blått. I vinterdrakt er kinna mørkare grå og nebbet mindre på grunn av hornlag som fell av. Ungfuglane liknar dei vaksne i vinterdrakt, men dei har spinklare og mørkare nebb. Lundefuglen er stort sett taus, men har ein dempa, gryntande lyd som kan høyrast på hekkeplassen.
Arten hekkar på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, frå austkysten av Nord-Amerika og Dei britiske øyane i sør til Grønland, Svalbard og Novaja Semlja (Russland) i nord. I Europa hekkar hovuddelen av bestanden langs kysten mot Atlanterhavet.
I hekkesesongen frå april til august/september inntek lundefuglen hekkeplassane i fuglefjella. Resten av året lever han på ope hav. I Noreg hekkar lundefuglen frå Vestlandet og nordover. Øya Runde på Sunnmøre er ein viktig hekkeplass i den sørlege delen av hekkeområdet. Den største kolonien er likevel på Røst i Lofoten. Koloniane der kan bestå av fleire hundre tusen fuglar. Ein annan kjend hekkeplass er Lovund på Helgelandskysten. Ifølgje myten kjem lundefuglen til Lovund til same tid kvart år, på «lundkommardagen» 14. april. Dette er starten på hekkinga, og fuglane kjem i tusental.
Lundefuglen er ein typisk kolonihekkar som grev ut reiret i grasdekt jord på større øyar og holmar. Der det manglar jord, slik som på Svalbard, hekkar arten i sprekkar og hòlrom i bergvegger eller mellom steinar. Fuglane livnærer seg hovudsakleg av små stimfisk. Krepsdyr, blekksprut og børstemark er òg viktige byttedyr, spesielt utanom hekkesesongen. Lundefuglen leitar hovudsakleg etter mat i ope hav.