Norges Bank

Om Karlsvogna, del av stjernebiletet Store bjørn

Teksten er basert på Store norske leksikon, Wikipedia m.m.

Stjernebiletet Karlsvogna blir vist i kvite linjer på baksida av 50-kronesetelen. Karlsvogna er eit stjernemønster som blir danna av dei sju mest lyssterke stjernene i stjernebiletet Store bjørn. Karlsvogna er gjerne det første ein får auge på når ein ser opp på himmelen. Derfor blir dette stjernemønsteret brukt aktivt for å lokalisere andre stjernebilete og stjerner.

Det er relativt kort avstand frå Karlsvogna til himmelnordpolen, der vi finn Polarstjerna. Polarstjerna er på akkurat same punktet heile tida, og alle stjernene roterer rundt henne. Det fører til at Karlsvogna aldri forsvinn ned under horisonten, og dette stjernebiletet kan sjåast på himmelen kvar natt når det er stjerneklart.

Førsteleddet Karl (norrønt for «mann») kan henge saman med tilnamnet til Tor, Torekarl. Det kan òg sjåast i samanheng med eit liknande stjernemønster i Vesle bjørn som på norrønt heitte Kvennavagn, «Kvinnevogn». Nemninga «vogn» er alminneleg kjend på fleire språk.

Publisert 18. september 2018 09:24