Om torsk og sild – hovudmotiv på 200-kronesetelen
Omtalen er basert på tekst av Årstein Svihus.
Ingen andre fiskeslag er så tiljubla og myteomspunne som torsken og silda. Det kan ein finne tydelege spor etter i diktinga hos mellom anna Snorre, Petter Dass, Alexander Kielland, Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie, Knut Hamsun og Johan Boyer. Ein finn òg andre markante uttrykk for den historiske betydninga til torsken og silda. Besøkjer ein Bergen, blir ein raskt introdusert for tørrfisk i sjøbuene eller i turistbrosjyrane. I enkelte fiskeristrøk heng det framleis ekte kongetorskar i kyrkja, svevande under kyrkjetaket. Silda blir hylla i form av kommunevåpen og skulpturar av ganejenter, fiskarar og barn med sildehank. I språket vårt har vi dessutan gitt dei viktigaste silde- og torskebestandane norsk pass: Ein refererer framleis til «norsk vårgytande sild» og «norsk arktisk torsk».
Og det er ikkje så rart, for det finst neppe nokon andre skapningar som har hatt like stor påverknad på norsk samfunn og kultur enn nettopp silda og torsken – med torsken som giganten blant kjemper og som fundament for samfunnsutvikling og økonomisk vekst langs kysten.
Namnet i seg sjølv fortel jo ein del om kulturhistoria til torsken. Ein reknar med at namnet torsk opphavleg kjem av «tørka fisk» eller «fisk som blir tørka». Skreien, altså den gyteferdige torsken, har fått sitt beskrivande namn fordi han vandrar – som når vi seier «skrir fram». Begge nemningane fortel det mest grunnleggjande om biologien og betydninga til torsken i norsk historie: Han vandrar og blir så fiska og tørka.
Dei årvisse og rimeleg stødige innsiga av gytande skrei danna grunnlaget for eit omfattande fiske mange stader langs kysten heilt nord til Finnmark. Lofoten står her i ei særstilling. Det er det største gyteområdet, samtidig som klimaet gir god tørk av fisken frå dei første blir hengde opp på seinvinteren, og fram til sommaren kjem med fluger og mark. Tørking var billig, og den ferdige tørrfisken trong verken kassar eller annan emballasje. I tidlegare tider kunne han pakkast rett ned i jekta til Bergen og så sendast vidare ut i verda. Lofotfisket trekte til seg fiskarar frå eit stort omland og var innan rekkjevidd for båtar med årer og segl. Tørrfisk blei òg produsert andre stader der det var stabilt skrei-innsig eller godt fiske av kysttorsk, slik som på Nordvestlandet. Klimaet gav ikkje like god tørk her. Dermed blei tilverking til klippfisk den føretrekte måten å foredle torsken på.
Silda var meir lunefull enn torsken. Nokre gonger stod fjordane tette av sild éin stad, andre gonger søkte ho mot land ein heilt annan stad. Men som torsken var ho lett tilgjengeleg når ho først kom inn til kysten og søkte seg inn i pollar og tronge fjordarmar. Det var heller ikkje uvanleg at ho årvisst kunne takast med garn eller nøter på same staden tiår etter tiår. Så kunne ho plutseleg bli borte. Midt på 1500-talet skapte silda «Klondyke-stemning» på den då norske Bohuslän-kysten. Også der blei det ein brå stopp lik samanbrotet for sildefisket i Oslofjorden i det same hundreåret. Til Vestlandet kom silda som ei plutseleg velsigning i krigs- og kriseåret 1808, noko som blei starten på ein sekstiårig sildeepoke. Innsiga kom først på Sørvestlandet, men flytta seg gradvis nordover. Det plutselege, men sterke nærværet til silda kravde at heile samfunn av fiskarar, tilverkarar og handelsmenn måtte kaste seg raskt rundt for å fiske sild med garn og nøter. Samtidig måtte tilverkarar utstyrte med salt og tønner stå klare når silda blei send til land. Fisket gjekk for seg i vintermånadene frå januar eller februar til tidleg vår. Sjølv om arbeidet var mørkt, kaldt og farefullt, blei det likevel sett på som eit fiske for framtida – ja, som noko av ei moglegheit. Ein reknar med at det på 1860-talet var like mange engasjerte i sildefisket som det var industriarbeidarar i heile landet. Seinare kom det nye høgdepunkt. På 1950-talet var igjen heile samfunn engasjerte i fisket. Spenninga og jakta på silda blei no òg kringkasta over radioen, og sildefisket blei på den måten eit felleseige for heile befolkninga.
Silda og torsken har forma samfunna rundt. Dei har òg gitt grobotn for undring og mangfaldige forklaringar på livets mange fasettar, som i dei periodane då torskefisket slo feil. Døme på dette finn ein i fleire av Petter Dass’ mørke og målande skildringar av krisetidene på 1600-talet.
Frå siste delen av 1800-talet og framover blei løyndommane til både torsken og silda gradvis avdekte av dei framveksande marine vitskapane. Ein søkte å finne svar på kvifor fangstane varierte så mykje. Gjekk dei ned fordi det hadde blitt mindre fisk, eller hadde fisken berre flytta seg andre stader? Kva betydde havstraumar og temperatur? Frå ei sped byrjing på 1860-talet prøvde forskarane å svare på desse spørsmåla og mange andre. Systematiske analysar av fiskeegg, vandringsmønster og alder gav fleire og fleire svar.
Formålet med forskinga var å forstå naturen betre for å kunne utnytte han betre. Dette blei sett på spissen etter andre verdskrigen då det oppstod ei problematisk blanding av forsking, leiteteknologi og auka fangstkapasitet. Rett nok åtvara enkelte forskarar mot utviklinga, og for torskens del blei det i same periode gjort viktige oppdagingar om vilkåra for berekraftig fiske. Men for silda heldt ikkje kunnskapsutviklinga tritt med utviklinga av fangstleddet. Resultatet blei ei dramatisk nedfisking av norsk vårgytande sild. Bestanden var på grensa til utrydding før bremsane blei sette på. Det skulle ta om lag førti år før bestanden henta seg inn att. Denne dyrekjøpte erfaringa førte til ei allmenn medvitsendring. Om forskarane blir det gjerne sagt at dei gjekk frå å vere jakthundar for fiskarane til å bli vakthundar for fiskane. Erkjenninga av at ressursane i havet har sine naturlege grenser, spreidde seg òg til fiskarane og resten av samfunnet. Dei som dreiv fiske av sild, torsk og mange andre fiskeslag, måtte ta omsyn til reiskapsavgrensingar og ei streng kvoteforvalting. I dag veit ein svært mykje om livsløpet til både silda og torsken. Denne kunnskapen er heilt avgjerande for dagens fiskeriforvalting, der målet er å hauste innanfor toleevna til naturen.
Sild og torsk har ikkje lenger ein like synleg plass i samfunnet ettersom færre er engasjerte i fiske eller foredling på land. Men fisket skaper framleis verdiar som, rett forvalta, utgjer ein tilnærma evig ressurs. Torsken er då òg framleis ein favoritt blant fiskeslaga for mange nordmenn, mens silda blir feira på tallause sildebord rundt om i landet. Norskfanga sild og torsk er dessutan eit stort bidrag til verdas matfat. Sild og torsk er på denne måten ambassadørar for både norsk kulturhistorie og moderne internasjonal forvalting.