Norges Bank

Om fiskegarn – motivelement på 200-kronesetelen

Omtalen er basert på tekst av Årstein Svihus.

Garnet er ein av dei eldste fangstreiskapane våre og eit av dei viktigaste tradisjonshandverka. Ein reknar med at dei første som tok kysten i bruk for meir enn 11 000 år sidan, hadde med seg fiskegarn. Teknikken hadde då alt vore kjend på kontinentet i tusenvis av år. Det synest opplagt at dei som søkte lykka langs nye kystar, hadde kunnskap om å lage høvelege fangstgarn for fisk, sel og fugl. Den grunnleggjande ferdigheita som sidan stort sett har vore den same, handlar om å kunne knyte knutar. Når ein skal lage eit garn, begynner ein med ein knute. Så held ein fram med ein ny knute, og til slutt ferdigstiller ein med ein knute. Det kallar vi «å binde» eit garn. Avstanden mellom knutane avgjer kor store garnmaskene blir, og det er storleiken på bytet som bestemmer kor store dei må vere. Heilt fram til vår eiga tid blir maskevidda beskriven indirekte etter kor mange knutar – omfar – det er på ei viss lengd (alen). Denne teknikken har vore allemannseige langs kysten frå eldre steinalder og fram til vår eiga tid.

Om teknikken har vore tilnærma uendra, har materiala og bruken endra seg mykje. Dei eldste garna var truleg laga av tarmar. Seinare blei lokalt plantefiber teke i bruk, mellom anna frå nesler og linn. I mellomalderen blei importert hamp og langt seinare spunnen bomullstråd teke i bruk.

Gjennom tidene har det naturleg nok vore eit utal typar garn og bruksmåtar. Eit viktig skilje går likevel mellom garn og not. Mens ei not blir brukt til å stengje fisken inne, er eit fiskegarn noko fisken set seg fast i. Historisk har garnet dessutan langt større fleksibilitet enn nota. Ei not kunne ikkje setjast djupare enn djupna på nota, og ho måtte festast på land. Ei not måtte vere stor. Dermed var ho dyrare å lage og meir arbeidskrevjande å setje, og fangsten måtte delast med den som eigde grunnen ho blei sett frå.

Eit garn, derimot, kan vere så lite at éin person kan handtere det åleine. Er ein fleire i lag, kan garna knytast saman til ei effektiv garnlenkje. Garn er dessutan svært fleksibelt med tanke på både djupn og fiskeslag. Ein kan setje det på botnen eller i vassoverflata, la det drive med straumen eller setje fleire garn samtidig på ulike djupner. Kjennskapen til det undersjøiske landskapet og korleis fisken vandrar, blei tradisjonelt kombinert med finstemt bruk av ulike oppdriftsmiddel kalla «fløyt», «kavl» eller «blåse». Eit søkke, i form av garnstein, sørgde for å strekkje garnet og halde det nede. Ein måtte òg vite kor mykje garnet tolte, og kor enkelt det ville bli å trekkje garnet opp att. Blei fangsten for tung, kunne garnet ende opp som ei dyngje på botnen, og fangsten gjekk tapt. Likeins var det bittert å måtte kutte garnlenkja dersom ho hadde vikla seg fast i botnen.

Den direkte overføringa av kunnskap mellom dei som fiska, og dei som produserte fiskereiskapen, blei etter kvart mindre viktig. Motordrive garnspel avløyste tidleg på 1900-talet muskelkrafta som avgjerande faktor for kor store og lange garna kunne vere. Med nye basismateriale som plast og nylon blei nær sagt all kunnskap om kva grenser som gjaldt for garnmateriala, overflødig. Maskevidd og lengd og djupn på garnet handlar no meir om kva fiskebestanden toler, enn kva garntråden evnar å bere.

Likevel er det framleis knuten som er kjernen i fiskegarnet. Og den dag i dag er det slik at ein yrkesfiskar må kunne bøte eit garn eller ei not som har rakna.

Publisert 26. mai 2017 11:12