Norges Bank

Våre samfunnsoppdrag

Noregs Bank skal fremje økonomisk stabilitet i landet og forvalte store verdiar på vegner av fellesskapet.

Ny sentralbanklov trådde i kraft 1. januar 2020. Oppdatert skildring av samfunnsoppdraget er under utarbeiding.

Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal bidra til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader.

Noregs Bank forvaltar eigne valutareservar og Statens pensjonsfond utland (SPU) på vegner av staten. Forvaltinga av SPU skal gi høgast mogleg avkasting innanfor rammene til mandatet.

Noregs Bank er eit eige rettssubjekt og er eigd av staten. Verksemda er regulert i Sentralbanklova.

Mandat

Sentralbanklova (Lovdata) regulerer verksemda til banken. Lova slår fast at formålet for sentralbankverksemda er å oppretthalde ein stabil pengeverdi og fremme stabilitet i det finansielle systemet og eit effektivt og sikkert betalingssystem. Sentralbanken skal bidra til høg og stabil produksjon og sysselsetjing.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei bestemmelse (Lovdata) til sentralbanklova.

Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland er regulert gjennom mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland (Lovdata).

Kjerneoppgåvene

Klart definerte kjerneoppgåver er utgangspunktet for organiseringa av Noregs Bank:

Pengepolitikk

Pengepolitikken skal oppretthalde ein stabil pengeverdi gjennom låg og stabil inflasjon. Meir om pengepolitikken.

Norges Banks styring av likviditeten i banksystemet har som føremål å gje hovudstyrets rentevedtak eit breitt gjennomslag i dei kortsiktige pengemarknadsrentene. Det gjerast ved å styre nivået på bankenes reservar, det vil si bankenes innskot i sentralbanken. Meir om marknader og likviditet.

Finansiell stabilitet

Banken skal fremje finansiell stabilitet og verke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem. Meir om finansiell stabilitet.

Noregs Banks oppgjørssystem gjer opp betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyner samfunnet med setlar og mynt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema.

Kapitalforvaltning

Norges Bank står for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, populært kalla oljefondet, på vegner av Finansdepartementet. Meir informasjon på nettsidene til Norges Bank Investment Management.

Valutareservane er beredskapen til banken i internasjonal valuta og skal kunna nyttast til transaksjonar i valutamarknaden. Meir om valutareservane.

Noregs Bank forvaltar statsgjelda i samsvar med eit mandat fastsett av Finansdepartementet. Banken skal med grunnlag i mandatet dekkje statens lånebehov, samt forvalte uteståande statsgjeld. Meir om statsgjeldsforvaltninga.

Strategi 2022

Noregs Banks strategi for perioden 2020 til 2022 markerer starten på eit nytt kapittel i Noregs Banks over 200 år lange historie. Ny sentralbanklov gjeld frå og med 1. januar 2020 og fastset rammene for arbeidet og verksemda til banken framover. Hovudtrekkane i Noregs Banks verksemd blir vidareførte i den nye lova. Samfunnsoppdraga våre står fast, samtidig som sjølvstendet til banken er gjort tydeleg.

Noregs Banks strategi 2020-2022

Etiske regler

Utfyllende Etiske regler for ansatte i Norges Bank sentralbankvirksomheten
 

Endret 10. januar 2017 14:35
Endret 10. januar 2017 14:35