Norges Bank

Rolla som sentralbanksjef gjekk på rundgang blant direktørane

Kjøpmann Jacob Frederik Oxholm var sentralbanksjef (“1ste mand” i direksjonen) i Noregs Bank frå 1817, eit verv som gjekk på rundgang gjennom nesten heile 1800-talet. 

Portrett av Jacob Frederik Oxholm

I perioden 1816–1892 var det ikkje oppnemnt nokon fast leiar for direksjonen. Direktørar blei valde av Stortinget, og formannskapet gjekk på rundgang mellom dei. 

Det første møtet i direksjonen blei halde 25. januar 1817. Kjøpmann Jacob Frederik Oxholm, som fekk flest stemmer da Stortinget valde direktørar, blei i 1817 og 1818 “1ste mand”. Denne rolla blei deretter overtatt av kjøpmann Johan Christian Wildhagen. 

Forutan Oxholm og Wildhagen bestod den første direksjonen av justitiarius Jacob Roll, kjøpmann Mathias Conrad Peterson og stiftsoverrettsprokurator Ole Iversen. 

Med unntak av Roll, som sat i direksjonen i 41 år, blei ingen av dei fem første medlemmene av direksjonen skifta ut før dei døydde. 

Litteratur

Wikipedia (Jacob Frederik Oxholm)