1818 - Pantelånsbanken
Da dei første utlåna til publikum fann stad i oktober 1818, blei diskontoen sett til 8 prosent i alle fire avdelingar av Noregs Bank. Berre ein mindre andel utlån blei gitt som diskontolån. Det første diskontolånet blei gitt 28. oktober 1818 (bilde).
Dei første tiåra blei det meste av Noregs Bank sine utlån gitt som pantelån. Blant dei første låntakarane var fleire av banken sine tillitsvalde. Etter kvart som andre bankar voks fram, blei det lettare å få driftskreditt i dei private sparebankane. Noregs Bank sin utlånsportefølje blei etter kvart dreidd mot kortsiktige lån. Det kunne skje ved at banken overtok lån som var gitt mellom privatpersonar. Når slike lån blei gitt, blei det utferda eit gjeldsbrev, kalla «veksel». Om långivar trong kontantar før forfallet av vekselen, kunne han overdra vekselen til Noregs Bank og få setlar i byte. Vi seier at Noregs Bank diskonterte vekselen. Om ein långivar gjekk til Noregs Bank med ein veksel pålydande 100 spesidalar, ville han få utbetalt mindre enn 100 spesidalar. Noregs Bank fekk da ein kursgevinst som kunne hentast ut ved forfallet av vekselen. Kursgevinsten blei berekna ut frå den offisielle diskontorenta. I oktober 1818 var denne 8 prosent. Diskontorenta var Noregs Bank si signalrente.
Noregs Bank sin pantelånsportefølje blei bygd ned etter at Hypotekbanken blei etablert i 1851. Først midt på 1860-talet utgjorde kortsiktige diskonteringslån meir enn halvparten av dei samla utlåna til Noregs Bank (sjå figur).