Norges Bank

Staff Memo

Indikatorar for underliggjande inflasjon i Noreg

Forfatter:
Eilert Husabø
Serie:
Staff Memo
Nummer:
13/2017

Noregs Bank driv fleksibel inflasjonsstyring. Pengepolitikken forsøker då ikkje nødvendigvis å styre dagens inflasjon mot inflasjonsmålet, men å innrette pengepolitikken slik at prognosane for framtidig inflasjon går mot målet.

Under fleksibel inflasjonsstyring vil sentralbanken ynskje å sjå bort frå forbigåande variasjonar i prisveksten. På eit gitt tidspunkt kan det vere krevjande å avgjere kva som er varige og kva som er mellombelse prisendringar. Indikatorar for underliggjande inflasjon kan vere til hjelp. Føremålet med indikatorane er å ha eit mål i sanntid på trendveksten i konsumprisindeksen (KPI).

I denne artikkelen blir ulike indikatorar for underliggjande inflasjon evaluert empirisk. Konklusjonen er at ingen enkeltindikator er eit fullgodt mål på underliggjande inflasjon i den forstand at indikatoren kjem best ut i kvar kategori i evalueringa. Det talar for at sentralbanken bør følgje utviklinga i fleire indikatorar. Kva som til ei kvar tid er den underliggjande inflasjonen, blir til sist eit spørsmål som må bli avgjort ved hjelp av sentralbankens skjønn.

Staff Memo inneholder utredninger og dokumentasjon skrevet av Norges Banks ansatte og andre forfattere tilknyttet Norges Bank. Synspunkter og konklusjoner i arbeidene er ikke nødvendigvis representative for Norges Bank.

ISSN 1504-2596 (online)

Publisert 20. desember 2017 16:40
Publisert 20. desember 2017 16:40