Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i oktober 2022

Noregs Bank vil kjøpe valuta på vegner av staten tilsvarande 4300 millionar kroner kvar dag i oktober 2022. Høgare valutakjøp i oktober enn i september følgjer av eit auka anslag på inntekter i kroner frå petroleumsverksemda.

Den norske stat har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekke eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytta til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.

Les meir om petroleumsfondsmekanismen og valutatransaksjonane på vegner av staten

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 30. september 2022 10:00