Norges Bank

Pressemelding

Noregs Bank valutatransaksjonar i desember 2014

Noregs Bank vil selje valuta tilsvarande 300 millionar kroner kvar dag til og med 12. desember 2014 i samband med avsettinga til Statens pensjonsfond utland (SPU).

Noregs Bank overfører kvar månad valuta til SPU. Avsettingane blir dekte av valutainntekter frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE). Dersom valutainntektene frå SDØE overstig avsettingane til SPU, vil Noregs Bank selje overskytande valuta i marknaden. Dette er ei oppgåve Noregs Bank gjer på vegne av staten.

Noregs Bank samlar opp valutaen som skal avsettast til SPU i petrobufferporteføljen. Avsettingane til SPU har ein periode vore mindre enn venta. Petrobufferporteføljen har derfor vorte større enn naudsynt. Noregs Bank vil gjennom 2015 gradvis redusere størrelsen på petrobufferporteføljen ved å selje valuta i marknaden.

For meir informasjon, sjå Valuta til Statens pensjonsfond utland

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 28. november 2014 10:00