Norges Bank

Pressemelding

Robust finansiell infrastruktur

Endringar har gjort systema for avrekning og oppgjer av betalingar mellom bankar meir robuste og effektive.

– Desse systema er kjernen i den finansielle infrastrukturen. Dersom dei ikkje fungerer, vil økonomien raskt stoppe opp. I 2012 har drifta av systema vore stabil, seier sentralbanksjef Øystein Olsen i samband med framlegginga av Noregs Banks årsrapport om betalingssystem.

Eit nytt fjerde dagleg oppgjer mellom bankane gjer betalingsformidlinga raskare. Samtidig har innføring av eksponeringsgrenser redusert risikoen for bankar som gjer opp for andre bankar.

Det er lite svindel med betalingsinstrument i Noreg, men trusselbiletet endrar seg heile tida. Det er viktig, men òg krevjande for bankane å halde oppe tilliten til betalingsløysingane. Utan tillit vil ikkje eit betalingsinstrument fungere effektivt.

– Noregs Bank vurderer betalingsformidlinga i Noreg som effektiv samanlikna med andre land. Betalingar kan gjennomgåande utførast både raskt og trygt og til låge kostnader, seier sentralbanksjefen.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 15. mai 2013 10:00