Norges Bank

Pressemelding

Valutakjøpa til Noregs Bank i september 2011

Noregs Bank vil i september kjøpe valuta for 500 millionar kroner kvar dag til Statens pensjonsfond utland.

Behovet fondet har for valuta, blir dels dekt frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE) og dels ved kjøp Noregs Bank gjer i marknaden.

Finansdepartementet fastset storleiken på den månadlege avsetninga til fondet. Noregs Banks kjøp av valuta er lik differansen mellom denne avsetninga og dei anslåtte valutainntektene i SDØE. Det blir justert for eventuelle revisjonar av anslaga. Det medfører at dei daglege kjøpa kan variere ein del frå månad til månad. Dei daglege valutakjøpa blir fastsette for éin månad om gongen og blir kunngjorde siste arbeidsdagen månaden før.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 31. august 2011 10:00