Norges Bank

Forsidebilde av publikasjonen Årsrapport for setlar og myntar 2025

1. Innleiing

Sjølv om andelen av betalingar som blir gjort med kontantar er lågare i Noreg enn i dei fleste andre land, speler kontantar framleis ei viktig rolle i betalingssystemet. Kontantar er særleg viktige av beredskapsomsyn og for å sikre finansiell inkludering. Dei gir også publikum tilgang på sentralbankpengar. Noregs Bank og bankane har ansvaret for kontantforsyninga i Noreg. Rapporten skildrar hovudstrukturen i kontantforsyninga og gir ei oversikt over utviklingstrekk for kontantar i omløp og verksemda til Noregs Bank. Rapporten går også inn på andre forhold ved kontantforsyninga som kan ha noko å seie for kontantane sin funksjon.

2. Kontantforsyninga i Noreg

Noregs Bank skal forsyne det norske samfunnet med kontantar. Forsyningsplikta skal oppfyllast på ein måte som fremmer ei effektiv kontantforsyning og samtidig bidreg til å halde det samla betalingssystemet effektivt og sikkert.

Noregs Bank utferdar setlar og myntar til bankane etter etterspurnad og behov, og skal sikre at kontantane som blir utferda, er av god nok kvalitet. I tillegg skal Noregs Bank halde tilfredsstillande løysingar for innløysing av utgåtte setlar og myntar.

Noregs Bank overvaker også korleis kontantforsyninga fungerer, og vi informerer Finansdepartementet og foreslår tiltak dersom vi meiner at kontantforsyninga ut frå bankane ikkje fungerer på ein tilfredsstillande måte.

Som illustrert i figur 1 set Noregs Bank setlar og myntar i sirkulasjon ved å forsyne bankane med kontantar frå fem sentralbankdepot. Desse depota ligg i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo. Fire av sentralbankdepota blir drifta av Nokas Verdihåndtering AS. Noregs Bank driftar sjølv sentralbankdepotet i Oslo.

Destruksjon av slitne setlar og myntar blir gjort av Noregs Bank. Setlar og myntar frå utgåver som ikkje lenger er tvungne betalingsmiddel, kan etter nærmare reglar løysast inn direkte i Noregs Bank.

Bankane har ansvaret for den vidare kontantforsyninga til kundane sine. Dei har ei lovpålagd plikt til å tilby kundane sine moglegheiter for å sette inn og ta ut kontantar i tråd med kundane sine forventningar og behov. Plikta gjeld også i situasjonar der etterspurnaden etter kontantar aukar som følge av at tilgangen til dei elektroniske betalingssystema sviktar. Dette kan gjerast i eigen regi eller gjennom avtaler med andre tilbydarar av kontanttenester.1 Plikta omfattar uttaks- og innskotstenester for både private og næringsdrivande.

Figur 1 Ansvarsdeling og kretsløp, forsyning av setlar og myntar
Flytdiagram
Kjelde: Noregs Bank

Alle bankar med konto i Noregs Bank kan hente og levere kontantar direkte i Noregs Bank. Dei har likevel valt å organisere seg ved å bruke private kontantdepot, og i praksis går all ut- og innlevering av kontantar frå og til Noregs Bank via privatdepota. Bankar med konto i Noregs Bank kan opprette private kontantdepot etter behov. Noregs Bank betaler etter gitte vilkår rentekompensasjon for behaldningane i privatdepota slik at behaldningar i private depot får same renta som behaldningar som er sette inn i Noregs Bank.

Ordninga er i dag organisert slik at alle kontantar som blir oppbevarte i dei private kontantdepota, er eigde av éin bank. Privatdepota blir drifta av anten Nokas eller Loomis. Ved utgangen av 2025 var det 8 private kontantdepot, mot 10 i 2022. Bankar som treng kontantar, ordnar dette ved å kjøpe kontantar saman med andre tenester, for eksempel transport og drift av nattsafe, frå Nokas eller Loomis.

Kontanttenestene som bankane yter til kundane sine, består i hovudsak av automattenester i form av minibankar, innskotsautomatar og resirkuleringsautomatar, tenesta Kontanttenester i butikk (KiB)2 og nattsafe. Det finst også framleis nokre bankfilialar som tilbyr tenester over skranke.3 Ein stor del av kontanttenestene som bankane leverer, er utkontrakterte og blir drifta av kontanthandteringsselskapa Nokas og Loomis. Nokas og Loomis tilbyr også sine eigne kontanttenester i form av eigne minibankar, og dessutan nattsafetenester og andre kontanttenester direkte til næringsdrivande. Det inneber å levere veksel, hente kontantomsetninga og sørge for at næringslivskundar får sett inn kontantomsetninga på bankkontoane sine.

  1. 1 Sjå finansføretakslova § 16-4 og finansføretaksforskrifta §§ 16-7 og 16-8.

  2. 2 BankAxept (Stø AS) tilbyr tenesta Kontanttenester i butikk (KiB), som bankar kan velje å knyte seg til. Kundane til bankane som har knytt seg til denne tenesta, har moglegheita til å ta ut og sette inn kontantar i visse butikkar over heile landet. Sjå: Kontanttenester i butikk

  3. 3 Ei undersøking som Finanstilsynet gjorde i desember 2020, viste at 45 bankar hadde filialar med banktenester, og at det fanst totalt 137 filialar med kontanttenester. Ved utgangen av 2024 fanst det 39 slike filialar.

3. Meir om setlar og myntar i omløp

3.1 Volum i omløp

Mengda kontantar i omløp kjem an på bruken til betaling og verdioppbevaring, men også på endringar i kontantinfrastrukturen og sirkulasjonsmønsteret. Tala for kontantar i omløp4 omfattar dagens og førre utgåve av setlar (utg. VIII og utg. VII) og noverande utgåve av myntar.

Den nominelle verdien av kontantar i omløp var i perioden frå 2006 fram til 2015 stabil på rundt 50 milliardar kroner. Frå 2016 til 2025 har han sokke med rundt ein firedel, og i 2025 var den gjennomsnittlege verdien på kontantar i omløp 37,7 milliardar kroner, 0,8 milliardar kroner (2,1 prosent) lågare enn omløpet i 2024.

Årsgjennomsnittet for verdien av setlar i omløp i 2025 utgjorde 33,6 milliardar kroner, ein nedgang på 0,8 milliardar kroner (2,2 prosent) frå 2024. Verdien av myntar i omløp viser ein nedgang frå 4,19 til 4,14 milliardar kroner (1,3 prosent) frå 2024 til 2025.

Figur 2 viser korleis verdien av kontantar i omløp har utvikla seg i perioden 2016–2025.

Figur 2 Kontantar i omløp fordelt på setlar og myntar
Milliardar kroner. 2005–2025, årsgjennomsnitt av siste dag i månaden
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank

Kontantar i omløp har òg vist ein jamn nedgang i forhold til BNP Fastlands-Noreg og privat konsum gjennom dei siste 15 åra. I 2025 er omløp målt i forhold til BNP Fastlands-Noreg og privat konsum høvesvis 0,9 og 1,7 prosent, som er noko lågare enn i 2024. Den andelen som kontantar utgjer av verdien av betalingsmiddel som publikum disponerer (M1), har også falle jamt over tid, og i 2025 var andelen på 1,3 prosent, jf. figur 3. Dette er svært lågt samanlikna med dei fleste andre land vi har statistikk frå. Sjå publikasjonen «Kunderetta betalingsformidling 2024» kap. 4.

Figur 3 Kontantar i omløp målt i forhold til M1, BNP og privat konsum
Prosent 2016–2025
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank

Figur 4 viser samansettinga av ulike setelvalørar dei siste ti åra, både i talet på setlar og i verdi. Valørsamansettinga blir påverka både av bruksmønsteret og av infrastrukturen i kontantforsyninga, blant anna kva for valørar som blir nytta i minibankar.

I 2025 var det i gjennomsnitt 110,3 millionar setlar i omløp, ein nedgang frå 111,7 millionar (1,3 prosent) i 2024. Det var ein nedgang i talet på 1000-, 500- og 200-kronesetlar.

Etter ei vurdering av valørsamansettinga vedtok Noregs Bank i april 2026 å behalde 1000-kronesetelen som valør, men å fjerne bankane si moglegheit til å bestille dei frå Noregs Bank. Det betyr at 1000-kronesetelen framleis vil vere gyldig som betalingsmiddel og kan brukast som før, men at talet på 1000-kronesetlar i omløp gradvis vil søkke i åra som kjem. Noregs Bank kan opne for å late bankane bestille 1000-kronesetlar igjen dersom det skulle bli nødvendig, for eksempel i ein beredskapssituasjon.

Figur 4a Samansettinga av setelomløpet
Millionar stk. 2016–2025, årsgjennomsnitt av siste dagen i månaden
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank
Figur 4b Samansettinga av setelomløpet
Millionar kr 2016–2025, årsgjennomsnitt av siste dagen i månaden
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank

Det er berre små endringar i valørsamansettinga for myntar.

Dei typiske sesongmessige svingingane i kontantomløpet gjennom året, med ein topp i samband med jula, ser ut til å ha flata ut, sjå figur 5. Det same gjeld mindre toppar i omløpet ved påsketider og om sommaren. Merk at figuren har broten akse og er svært forstørra for å få fram dei små variasjonane. Det høgaste registrerte omløpet var i januar på 38,7 milliardar kroner, og det lågaste var i mars på 37,3 milliarda kroner.

Da Russland invaderte Ukraina i februar 2022, såg vi ein moderat auke ut over dei normale variasjonane dei første vekene fram til utgangen av mars.

Figur 5 Utviklinga i omløpet gjennom året
Milliardar kroner. Januar–desember
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank

3.2 Kvaliteten på setlar i omløp

For at setlar skal fungere effektivt som betalingsmiddel, må kvaliteten på setlane i omløp haldast på eit tilfredsstillande nivå. Dersom setlane er for slitne, kan publikum ha problem med å kjenne igjen sikkerheitselementa. Det kan òg vere utfordrande å handtere setlane maskinelt, og det kan føre til at setlane ikkje blir aksepterte som betalingsmiddel.

Noregs Bank definerer krav til kvalitet gjennom eigne retningslinjer for sortering mellom resirkulerbare (gode) og ikkje-resirkulerbare (slitne) setlar. Bankane har ansvaret for at setlar som blir leverte til Noregs Bank, er sorterte som gode eller slitne i samsvar med dette regelverket. Slitne setlar skal leverast til Noregs Bank for destruksjon. Det gjeld også krav til kvalitetssortering for behaldningar i private depot for å unngå at slitne setlar blir sette ut i sirkulasjon igjen via desse depota.

Noregs Bank kartlegg utviklinga i kvaliteten på setlar i omløp, og to gonger i året innhentar og analyserer vi stikkprøveutval av setlar frå fire regionar. I tillegg blir det innhenta månadleg statistikk over setlar som er kvalitetssorterte av teljesentralar. Samla gir dette eit godt grunnlag for å vurdere korleis kvaliteten utviklar seg og om det trengst justeringar.

Noregs Bank har gjennomført slike undersøkingar sidan 2009. Sjølv om vi ser at kvaliteten på setlane i omløp har gått noko ned dei siste par åra i takt med at dei i gjennomsnitt har vore lenger i sirkulasjon, viser testar at kvaliteten på omløpet i 2025 er høgare enn det vi har definert som akseptabelt nivå.

Dersom Noregs Bank finn at kvaliteten i omløp er lågare enn ønskt, vil retningslinjene for sorteringa mellom resirkulerbare og ikkje-resirkulerbare setlar bli justerte for å betre kvaliteten på setlane som blir resirkulerte.

Sorteringsfrekvens – omløpsfart på setlar i sirkulasjon

Setlar som kjem inn til ein teljesentral5 blir kvalitetssorterte. Sorteringsfrekvensen viser dermed kor ofte ein setel i omløp i gjennomsnitt kjem inn til ein teljesentral. Figur 6 viser årleg sorteringsfrekvens per valør. Som det går fram av figuren er det forskjellar mellom valørane, men det er ein generell trend at setlane kjem sjeldnare inn til teljesentralane enn tidlegare. Endringar i både bruksmønsteret og infrastrukturen kan påverke kor ofte setlane kjem inn til ein teljesentral for å bli sorterte. I åra 2016 til 2021 påverka også utskiftinga av den gamle setelserien sorteringsfrekvensen i betydeleg grad.

Figur 6 Andel av omløpet som er kvalitetssortert/behandla av ein teljesentral
Gjennomsnitt per år. 2016–2025
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank

Sorteringsfrekvenstala tilseier at 50-kronesetlane i gjennomsnitt blir kvalitetssorterte om lag 0,2 gonger per år, medan 100-kronesetlane og 1000-kronesetlane blir sorterte 0,4 gonger. 200-kronesetlane og 500-kronesetlane blir sorterte høvesvis 0,9 og 0,7 gonger per år.

Vi såg ein skarp nedgang i inngangen til teljesentralane i mars 2020, noko som samsvarer med nedstenginga på grunn av koronapandemien. Inngangen av 200- og 500-kronesetlar har teke seg opp igjen, medan 50- og 100-kronesetlane framleis ligg på eit lågare nivå enn før koronautbrotet. Denne utviklinga kan også ha samanheng med at tenesta Kontanttenester i butikk, som blei etablert i 2020, har påverka kontantsirkulasjonen. Når kontantane i større grad blir resirkulerte frå butikkane, kjem dei sjeldnare inn til teljesentralane. Auken i inngang av 1000-kronesetlar i perioden frå 2018/2019 fram til årsskiftet 2020/2021 kjem hovudsakleg av introduksjonen av utgåve VIII av 1000-kronesetelen i november 2019 og ugyldiggjering av 1000-kronesetelen utgåve VII året etter.

3.3 Falske setlar

I 2025 registrerte Kripos6 2963 falske setlar, ein auke samanlikna med tidlegare år. Det svarer til om lag 27 falske setlar per million setlar i omløp, noko som er høgt i forhold til det vi har registrert tidlegare. Setlane som blir registrerte av Kripos er totale beslag som også omfattar setlar som ikkje har vore i sirkulasjon. Enkeltsaker kan derfor gi store utslag. Til samanlikning er tala for eurolanda i 2025 omtrent 14 falske setlar per million7 setlar i omløp. Statistikken frå ECB omfattar imidlertid berre setlar som er beslaglagde frå sirkulasjon, og viser ikkje totale beslag.

Figur 7 Talet på beslaglagde falske norske setlar 2016–2025
Linjediagram
Kjelde: Noregs Bank

Dei fleste forfalskingane av norske setlar som har blitt oppdaga, har vore av dårleg kvalitet og utan etterlikningar av sikkerheitselementa. Dei er dermed enkle å avsløre ved å sjekke sikkerheitselementa som er meinte for publikum.

Vår vurdering så langt, basert på informasjonen vi får frå Kripos og det vi ser frå setlar vi sjølve får inn frå sirkulasjon, er at kvaliteten på dei forfalska setlane ikkje gir grunn til å uroe seg for at tilliten til setlane skal bli svekt. Vi held likevel fram med å gjennomføre nærmare undersøkingar og vil følge utviklinga nøye.

3.4 Publikumstenester

Innveksling av utgåtte setlar og myntar

Publikum kan løyse inn setlar og myntar som ikkje lenger er tvungne betalingsmiddel, hos Noregs Bank. Dette gjeld setlar av utgåve IV, V, VI og VII, i tillegg til gamle 50-øringar og 5- og 10-kronemyntar. Desse kan ein sende i posten til Noregs Bank saman med eit søknadsskjema eller levere i resepsjonen ved hovudkontoret i Oslo. Det er også mogleg å veksle setel mot setel av utgåve VII for opptil 7000 kroner ved sentralbankdepota våre.

Det har vore stor nedgang i talet på vekslingssaker det siste året. I 2025 fekk Noregs Bank om lag 19 800 saker med utgåtte setlar og myntar for utbetaling til konto, anten sende via post eller leverte i resepsjonen i Oslo, mot omtrent 24 400 saker i 2024. Dette er ein nedgang på 4600 vekslingar. I tillegg blei det gjennomført rundt 14 600 vekslingar setel mot setel over disk i 2025, ein nedgang på 3200 vekslingar frå 2024. Noregs Bank behandlar sakene i samsvar med kvitvaskingsregelverket. I tillegg kjem det inn utgåve VII frå bankane som innskot.

Tabell 1 viser talet på setlar av utgåve VII i omløp per 31.12. (millionar stk.). Ved utgangen av 2025 var det totalt 23,1 millionar setlar av utgåve VII til ein verdi av 4,7 milliardar kroner i omløp. Det blei veksla inn ca. 230 millionar kroner i setlar av utgåve VII i 2025, mot ca. 323 millionar kroner i 2024. Av desse kom 49 millionar som innskot frå bankar mot 85 millionar i 2024.

Tabell 1 Talet på setlar av utgåve VII i omløp per 31.12

2021

2022

2023

2024

2025

Millionar stykk

50 kr

10,0

9,8

9,6

9,5

9,4

100 kr

6,7

6,5

5,7

5,6

5,5

200 kr

4,6

4,4

4,2

4,1

4,0

500 kr

3,6

3,2

2,9

2,7

2,6

1000 kr

2,5

2,1

1,9

1,7

1,6

2021

2022

2023

2024

2025

Millionar kr

50 kr

500

488

479

473

468

100 kr

671

583

569

556

546

200 kr

915

878

848

827

809

500 kr

1 776

1 591

1 467

1 366

1 303

1000 kr

2 513

2 136

1 888

1 695

1 560

Totalt

6 375

5 676

5 250

4 917

4 687

Innvekslinga av utgåve VI viste at det meste som er i omløp, vil komme tilbake til Noregs Bank etter ei tid. Det er likevel grunn til å tru at ein mindre del av setlane har gått tapt og derfor aldri vil bli innløyst av publikum. Dette gjeld særleg dei lågare valørane. Ved utgangen av 2023 rekna ein med at setlar med ein verdi av rundt 500 millionar kroner ikkje vil komme tilbake til Noregs Bank. Dette er avsett og inntektsført i rekneskapen til Noregs Bank i 2023 og vidareført i 2024 og 2025.

Erstatningssaker

Publikum kan få erstatta sterkt skadde eller bortkomne setlar og myntar etter forskrifta om erstatning for sterkt skadde eller bortkomne setlar og myntar. Mellom 10 og 20 slike søknader blir behandla i året. Mindre erstatningssaker, for eksempel avrivne enkeltsetlar, blir behandla som vekslingar.

3.5 Minnemyntar

Det blei ikkje gitt ut minnemyntar i 2025.

I mars 2026 vedtok hovudstyret i Noregs Bank å slutte med å gi ut sirkulasjonsmynt med spesialpreg for å markere store nasjonale og historiske hendingar, enkeltpersonar eller organisasjonar og institusjonar som har vore viktige for landet. Bakgrunnen for vedtaket er låg etterspurnad etter myntar og redusert merksemd rundt slike utgivingar, noko som gjer sirkulasjonsmyntar med spesialpreg mindre eigna til å markere slike hendingar.

  1. 4 «Kontantar i omløp» eller «omløpet» siktar her til alle kontantar som er utferda av Noregs Bank, uavhengig av om dei er i finansinstitusjonar sitt eige eller i omløp blant publikum. Ein del av desse kontantane er eigde av bankar og ligg lagra i minibankar, filialar og depot.

  2. 5 Teljesentralar er stader der kontanthandteringsselskapa (Nokas og Loomis) behandlar kontantar som kjem inn frå og skal ut til kundane. Det inneber teljing, kvalitetssortering og pakking av setlar og mynter som deretter blir leverte anten inn til eit privatdepot eller ut til kundar.

  3. 6 Kripos har over tid endra rapporteringsrutinane sine, og datamaterialet vi får tilsendt, har blitt vanskelegare å analysere.

  4. 7 Kjelde: ECB, pressemelding publisert 27. februar 2025.