Norges Bank

Om redningsskøyta RS 14 «Stavanger»

Omtalen er basert på tekst av Jo van der Eynden.

RS 14 «Stavanger», som er hovudmotiv på den nye 500-kronesetelen, er ei klassisk redningsskøyte konstruert av Noregs kanskje mest kjende båtbyggjar Colin Archer. Båten blei bygd på Archers verft på Tollerodden i Larvik og sjøsett i 1901. I tillegg til 37 år i aktiv teneste for Redningsselskapet har båten ei spennande og mangslungen historie som fritidsbåt og kulturminne.

Det er litt uklart kvifor båten blei heitande «Stavanger». Redningsskøytene fekk ofte namn etter personar som hadde gjort ein innsats for redningssaka, eller frå stader som det knytte seg spesielle hendingar til. Likevel har ein del av skøytene bynamn, kanskje som følgje av at norske reiarar, dei fleste av dei heimehøyrande i byane, gav faste bidrag til Redningsselskapet etter kor stor tonnasje dei hadde. Det kan òg tenkjast at namnevalet hadde bakgrunn i at det var skipsførarar i Stavanger som i 1852 retta ein offisiell førespurnad til Marinedepartementet om at det måtte opprettast ei redningsteneste på dei mest utsette stadene langs kysten. Ei tredje moglegheit er at Stavanger hadde utmerkt seg under innsamlingsaksjonen som blei sett i verk for å finansiere akkurat dette fartøyet.

RS 14 «Stavanger» er 14,35 meter lang og 4,65 meter brei og stikk 2,35 meter djupt i vatnet. Seglarealet er på 110 kvadratmeter, fordelt på storsegl, fokk, klyver, mesan og toppsegl. Han er bygd for å ikkje kunne søkke, takka vere ei indre, driven garnering på innsida av spanta. Ytterkledningen er av halvannantoms eik. Innvendig er det soveplass til åtte personar. Båten er bygd som eit seglfartøy og fekk ikkje installert motor så lenge han var i teneste for Redningsselskapet.

Mesteparten av tida som aktiv redningsskøyte var RS 14 «Stavanger» stasjonert på Titran i Trøndelag, eit lite kystsamfunn som i 1899 opplevde eit katastrofalt uvêr der meir enn hundre personar omkom på havet.

Tenesta bestod hovudsakleg i å vere i beredskap og hjelpe under dei store sesongfiskeria vinterstid. Også frakt av lege, post og matforsyningar høyrde med til oppdraga. Om sommaren låg skøyta oftast i opplag for vedlikehald og ettersyn.

I løpet av sine år i aktiv teneste redda RS 14 «Stavanger» og besetninga der 42 mann på 12 båtar frå den visse døden. I tillegg kjem to større skip med til saman elleve mann. I alt fekk 2976 båtar og 20 skip assistanse i form av slep eller annan bistand.

I 1939 blei «Stavanger» kjøpte av Jul. Nielsen, som ville bruke båten som lystfartøy. Han var ein erfaren og lidenskapeleg seglar. I familien Nielsens varetekt skulle den pensjonerte redningsskøyta få eit nytt, langt liv som både fekk henne ut i verda og gav henne ry som ein av dei mest kjende og beundra veteranbåtane langs norskekysten. I tillegg til å bli segla over Atlanteren har «Stavanger» vore over Nordsjøen, i Austersjøen og i Middelhavet, og båten har segla i dei fleste farvatna langs norskekysten. I løpet av åra har han gått gjennom fleire nitide restaureringsarbeid for å få til ei forsvarleg bevaring, både som kulturminne og museumsfartøy. Båten blei i oktober 2018 seld til Stiftelsen Tollerodden, som arbeider med å etablere eit Colin Archer-senter like ved det gamle verftsområdet på Tollerodden i Larvik.

Publisert 1. oktober 2018 13:42