Om fossil/ammonitt – motivelement på baksida av 500-kronesetelen
Informasjonen er henta frå Store norske leksikon og Naturhistorisk museum, fakta/zoologi
Ammonittar er ei gruppe utdøydde blekksprutar som hadde eit ytre skal av kalk. Etter kvart som dyret voks, blei skalet delt inn i eit bukammer og ein serie av gassfylte kammer lenger bak. Det gjorde at blekkspruten kunne halde seg svevande i vassmassane.
Det har eksistert fleire tusen ulike artar av ammonittar gjennom fleire hundre millionar år. Storleiken varierte frå 1 cm til 2,5 meter i diameter. Mange av artane er funne over heile verda, og ein går ut frå at dei svømte rundt i det opne havet, kanskje transporterte av havstraumar. I Noreg er ammonittar kjende frå kontinentalsokkelen, Svalbard og Andøya.
Ammonittane døydde ut for om lag 65 millionar år sidan.