Om hovudmotivet på 50-kronesetelen – eit fyr, illustrert med utgangspunkt i Utvær fyr
Om du kjem inn mot norskekysten på om lag 61 grader nordleg breidd, er blinkane frå Utvær fyr antakeleg den første landkjenninga du får nattetid. Ein kvit lynblink kvart 30. sekund er kjenneteiknet, eller lyskarakteren, til Utvær. Fyret ligg på øygruppa Utvær, den vestlegaste utposten i Noreg, 8 kilometer ut i havet frå Ytre Sula utanfor Sognefjorden.
Omtalen er basert på tekst av Jo van der Eynden.
Utvær fyr blei bygd i 1900 som eit av dei større kystfyra og skulle gi både fiskeflåten og handelsfartøya sikker landkjenning ytst ute i øyhavet mot vest. For å gi lyset lengst mogleg rekkjevidd blei det reist eit 31 meter høgt støypejernstårn. I lyktehuset på toppen blei det montert ei moderne fransk fyrlinse av første orden, det vil seie ei linse av den kraftigaste typen som fanst på den tida. For at heile linseapparatet skulle kunne rotere, kvilte den fleire tonn tunge konstruksjonen av glasprisme, messing og støypejern i eit bad av flytande kvikksølv. Rotasjonsfarten saman med konstruksjonen til linsa bestemte kva lyskarakter fyret fekk. Samtidig med at fyrtårnet blei reist, blei det bygd ein eigen bustad med tre leilegheiter til fyrbemanninga.
Sjølve tårnet består av prefabrikkerte element frå jernstøyperiet S.H. Lundh & Co i Kristiania. Sjølv om elementa var tunge, gjekk det raskt å byggje når fundamenteringa først var klar. Dette var viktig på dei mange vanskelege og vêrutsette stadene der det skulle byggjast fyr. Derfor blei støypejernsfyr nærmast ein norsk spesialitet. Det første jerntårnet blei rett nok produsert i England i 1842, men allereie i 1853 fekk Bærums Verk i oppdrag å støype eit 33 meter høgt fyrtårn til Eigerøy. I løpet av ein hundreårsperiode blei det levert og oppført i alt 40 jerntårn frå norske jernstøyperi.
Under andre verdskrigen inntok tyske troppar dei fleste større kystfyra. Fyra skulle berre tennast når tyske skip og konvoiar hadde behov for det. Våren 1945 skaut allierte fly mot Utvær fyr. Lyktehuset og fyrlinsa blei øydelagde, og bustaden og uthuset som var bygde i tilknyting til fyret, brann ned til grunnen. Først i 1948 kom arbeidet med gjenoppbygginga i gang, og eit nytt lyktehus med eit tredjeordens lynblinkapparat kom på plass.
I 1954 blei det etablert eit radiofyr på Utvær. Det sende ut identifiserbare lydbølgjer som kunne fangast opp og peilast av skip i farvatnet utanfor. Ein kunne òg kjenne igjen dei enkelte fyra ut frå den spesifikke lyskarakteren deira. På nordsida av tårnet blei det laga til eit bifyr. Dette sektorlyset skulle sikre farleia utanfor det ureine farvatnet på nordsida av Utvær.
Noreg fekk, som eit av dei første landa i verda, ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar i 1997. Utvær fyrstasjon blei vedteke freda som nasjonalt kulturminne i 1999. Våren 2004 blei fyret automatisert og avbemanna. Fyrstasjonen er framleis eigd av staten ved Kystverket, men Solund kommune har avtale om å bruke bygningane på staden. Kommunen samarbeider med den frivillige foreininga «Vener av Utvær fyr», som arbeider med å ta vare på bygningane og kulturmiljøet på Utvær.