Norges Bank

Om fyrlys og sektorskjerming

Omtalen er basert på tekst av Jo van der Eynden

Kystfyrene –
En lysgate langs innfarten til vårt land
Fra holme til holme, fra nes til nes
Og innenfor-
En hær av små lyktemenn
Som vokter de trange innløp
Til menneskenes hjem
Terje Stigen: «De faste lys» (en norsk reise) 1975

Fyrlys blir gjerne delte inn i tre kategoriar ut frå funksjonen dei har i farvatnet: landkjenningsfyr eller kystfyr, leifyr og hamnefyr. Den viktigaste oppgåva til dei store kystfyra er å gi skipa sikker landkjenning, det vil seie ei åtvaring om at ein nærmar seg land, og ein indikasjon på kvar på kysten ein er. Leifyra si oppgåve er å gjere det mogleg å segle om natta i dei indre farleiene langs kysten, der farvatnet ofte er trongt og med mange skjer. Hamnefyra skal leie skip trygt inn gjennom tronge moloopningar, sjølv i uvêr og nattemørke.

Frå midten av 1800-talet blei det bygd ei rekkje mindre, bemanna leifyr langs kysten. Men desse fyra kunne ikkje hjelpe skipa gjennom ureint farvatn berre med eit kvitt, blinkande lys i natta. For å kunne leie dei trygt gjennom tronge sund og mellom holmar, skjer og båar var det nødvendig å kunne variere lyssignalet med ulike «lyskarakterar».

Lyset i dei ulike sektorane fekk forskjellige fargar – raud, grøn eller kvit – slik at ein kunne gi ei meir detaljert og avgrensa rettleiing i farvatnet. Det er samspelet mellom den enkelte fyrlykta sin lyskarakter, fargesektor og identifikasjon i sjøkartet i forhold til andre fyrlykter som gjer det mogleg å navigere på sektorlys nattetid.

Behovet for sektorskjerma fyrlys varierer med kompleksiteten i kystlandskapet. For å oppnå ei korrekt og sikker skjerming av lyset må det gjennomførast retnings- og avstandsmålingar og berekning av vinklar på same måte som for landmålingar og kartografiske registreringar. Det er eit arbeid som krev nøyaktigheit og detaljert kunnskap om det lokale farvatnet.

I dag er alle fyrlykter langs norskekysten automatiserte og bygde om til økonomisk og miljøvennleg solcelledrift. Dei digitale sjøkarta har ei bortimot absolutt nøyaktigheit. Signala frå navigasjonssatellittane som går i bane rundt jorda, gjer det mogleg å følgje både eige og alle andre fartøy digitalt, uavhengig av fyrlys og visuelle observasjonar. Likevel held ein fram med å bruke dei klassiske navigasjonshjelpemidla. Stadig fleire fritidsbåtar gjer at det er behov for å bevare den klassiske sjømerkinga, som òg utgjer ein viktig beredskap i fall teknologien skulle svikte.

Kystverket, som er ein fagetat under Samferdselsdepartementet, har forvaltingsansvaret for den maritime infrastrukturen langs kysten av Noreg. Det er etablert fleire trafikksentralar som skal overvake skipstrafikken, samtidig som det framleis er ei rekkje lyssignal i drift som navigasjonshjelpemiddel: om lag 2000 fyrlykter, 4000 lanterner (ca. 700 av dei med indirekte belysning) og 2000 flytande merke, eller bøyer (ca. 100 av dei med lys).

Publisert 18. september 2018 09:25