Om kystens vegvisarar – sjømerka. Motivelement på 200-kronesetelen
Omtalen er basert på tekst av Jo van der Eynden.
Sjømerke
Langs heile norskekysten er det ei rekkje dagmerke som skal hjelpe dei sjøfarande med å finne vegen i dagslys, for det er ikkje lett å vite kva sund som er farbare for folk som er ukjende i farvatnet. Skjergarden står fram som ein labyrint for den ukjende, og ein må ha lang erfaring og god lokalkunnskap for å ha oversikt over kvar leia går mellom grunnar og undervasskjer.
Illustrasjonen på 200-kronesetelen viser ei grindstøtte med peikar. Tradisjonelt består slike merke av ei tregrind montert på ei jernstong som er festa i fjellet på eit skjer. Peikaren angir på kva side av grunnen ein skal segle. Ei slik grindstøtte, eller krekse, som dei òg blir kalla, kan ha éi eller fleire «venger» med peikar, alt etter farvatnet.
Det finst òg tradisjonelle jernstakar utan krekse eller peikar som berre angir ei grunne eller eit skjer som ein kan segle rundt på fleire sider. På 1800-talet var jernstakane ofte laga av støypejern, og dei kunne ha ein diameter i botnen på om lag 20 cm. For å feste dei i fjellgrunnen måtte det meislast ut eit minst like stort hòl for hand. Det blei gjort manuelt av tre mann som var plasserte på ein enkel rigg av røyr. Slikt arbeid kunne berre gå for seg i roleg vêr. Éin mann heldt meiselen, mens dei to andre slo regelmessig med kvar si sleggje. Ein har rekna ut at det måtte ca. 35 000 sleggjeslag til for å meisle ut eit hòl til ein slik stake.
Opphavleg blei særeigne landskapsformasjonar og stadnamn brukte for å orientere seg langs kysten. Losar og fiskarar memorerte desse eller utarbeidde såkalla mèdbøker som beskreiv det undersjøiske landskapet og seglingsleiene ut frå krysspeglingar og manuelle djupnemålingar med handlodd.
Den store utbygginga av sjømerke fall saman med utviklinga av fyrvesenet på 1800-talet, der staten tok eit overordna ansvar for å etablere navigasjonshjelpemiddel langs kysten. Men nokre sentrale seglingsmerke er omtalte allereie i sagalitteraturen. Det faktumet at svært mange av dei mektige gravrøysene frå bronsealderen ligg i tilknyting til dei viktigaste ferdselsårene på kysten, indikerer òg at det å markere den farbare leia gjennom dei mange holmane og sunda i skjergarden går langt tilbake i historia. Sjølv uforklarlege gravrøyser i innlandet kan ofte få ny meining når ein tek landhevinga i betraktning. Brått trer det fram historiske vassvegar som i dag er tørrlagde på grunn av endringa i havnivået.
Vardar og båkar
Etter gravrøysene blei det reist steinvardar og båkar (sjømerke i tre, eller seinare i betong) mange stader langs kysten, både på forberga ytst mot det opne havet og langs den indre seglingsleia. Dei blei ofte reiste på privat initiativ, gjerne av lokale losar, og var stadeigne merke som skulle gi dei sjøfarande sikker landkjenning når dei kom inn frå havet. Andre var plasserte langs den indre leia for å markere kva sund som var farbare, eller kva grunnar ein måtte unngå.
Frå 1430-åra finst det ei forteljing frå eit italiensk skipsmannskap som stranda på øya Røst ytst i Lofoten, og som etter ei overvintring fekk skyss sørover til Bergen. Her blir det fortalt begeistra om korleis skipsleia var gjord farbar ved at det var blitt oppretta eit system av vardar som viste veg.
Dagmerke i dag
I dag er det Kystverket som har ansvaret for sjømerkinga og resten av den maritime infrastrukturen langs norskekysten. Kystverket, som er ein fagetat under Samferdselsdepartementet, forvaltar til saman meir enn 14 000 dagmerke langs norskekysten.