Om X-BOW – motivelement på 100-kronesetelen
Bak vikingskipet på 100-kronesetelen kan vi sjå konturane av eit skip med X-BOW®-baug.
X-BOW® er ein baugtype utvikla av sunnmørsbedrifta Ulstein Design & Solutions AS. Baugen er vend innover, mot akter, slik at båten er lengst ved vasslinja. I prinsippet vil eit skrog som er bygd på denne måten, få større oppdrift forut enn eit konvensjonelt skrog.
X-BOW® blei lansert i 2005. Baugdesignet blei anerkjent som «årets ingeniørbragd» same år og blei første gong teke i bruk på eit skip i mai 2006.
På grunn av den ekstra oppdrifta handterer skroget møtande sjø betre enn vanlege skrog. Baugen flyt over møtande bølgjer som konvensjonelle skrog må bryte seg igjennom. Det gir mindre akselerasjon i baugen og ei meir behageleg reise for mannskapet. Samtidig fører lågare motstand til at drivstofforbruket blir redusert.
X-STERN™-designet er ei vidareføring av X-BOW®. X-STERN™ utnyttar dei same prinsippa for akterenden og gjer skipa i stand til å liggje med akterenden mot vêret og halde posisjonen