Om hovudmotivet på 100-kronesetelen – vikingskip, illustrert ved Gokstadskipet
Vikingtida, seier vi, og tenkjer på vågale seglingar og store bragder. Gjennom å lese dei gamle sagatekstane får vi innblikk i historiske forhold, men det er først når vi får sett saman tekstar og arkeologiske funn, at vi begynner å forstå særtrekka i fortida. Gravskipet i Gokstadhaugen var så godt bevart då det blei funne i 1880, at det straks påverka korleis samtida forstod vikingtidssamfunnet. Dette oppsiktsvekkjande skipsfunnet gjer at det stadig er mogleg for oss å segle inn i fortida og utforske både vikingtida og verda slik vikingane såg henne. Det har dei seinare åra blitt bygd og segla med ei rekkje vikingskipskopiar. Desse skipa fungerer som «tidsmaskiner» som set oss i stand til å forstå historia betre, og som lèt oss stille nye spørsmål til vår eiga tid og den dunkle fortida.
Omtalen er basert på en tekst av Terje Planke
Vikingtida varte frå slutten av 700-talet til midten av 1000-talet. At denne tidsepoken har fått så mykje å seie for oss i det moderne Noreg, heng nok saman med at vi har god tilgang på skriftlege kjelder gjennom dei islandske sagatekstane og gjenstandar frå store arkeologiske gravfunn. Dette blei viktige byggjesteinar i det politiske nasjonsbyggingsprosjektet på 1800- og 1900-talet.
Vikingskipa er gitt ei nøkkelrolle for å forklare ekspansjonen og virket til vikingane på tre ulike felt: landnåm/kolonisering, vikingtokt/krigarferd og den fredsame handelsverksemda. Det står stilt ut tre gravskip ved Vikingskipsmuseet i Oslo. Tune-, Gokstad- og Osebergskipet blei gravne ut i høvesvis 1863, 1880 og 1904. Desse gravfunna frå Østfold og Vestfold er ekstremt rike. Dei gravlagde fekk med seg mange gjenstandar til etterlivet. I tillegg var bevaringsforholda svært gode. Saman med Gokstadskipet frå Sandefjord blei det gravlagt 16 hestar, nokre hundar, telt, sledar, reiskap og tre små båtar. Småbåtane er ganske like dei tradisjonelle bruksbåtane våre frå 1800-talet. Skipet og båtane viser at Gokstad-mannen må ha vore ein ivrig sjøfarar. Skadar på skjelettet hans viser at han var ein krigar som døydde i kamp. Osebergskipet blei bygd på Sørvestlandet i år 820 og blei 14 år seinare gravskip ved Tønsberg for to damer som fekk med seg ein rikhaldig kunst- og tekstilkultur til livet etter døden. Klåstadskipet er eit fjerde vikingskip. Det sokk i Vestfold, og lasta røper at båten var eit frakteskip. Til saman lèt desse skipa oss forstå noko om korleis dei kunne flytte varer, kultur og makt i Noreg og Nord-Europa i vikingtida.
Dei tre norske gravskipa har fleire fellestrekk. Desse skipa er verken reine krigsskip eller handelsskip, men snarare kombinasjonsskip for viktige personar som skal ta vare på verdiane sine, tryggleiken sin og æra si. Dei er svært vakre og godt laga. Skipa er opne og utan dekk. Dei er ikkje så høgborda, men stamnane kneisar mot himmelen. Årer og råsegl gav framdrift, og ei styreåre er plassert akterut på styrbord side. Litt framfor midten av båten står ein mastefisk som held masta på plass saman med tauriggen. Skroga er mjuke og fleksible. Når ein seglar kopiar av desse båtane, ser ein at dei vrir seg og følgjer rørslene i sjøen.
Skipa er skapte med godt handverktøy i ein kulturtradisjon der dyktige handverkarar blei høgt verdsette. Skipa er klinkbygde med bordgangar av spegelkløyvd eik. Det vil seie at eikestokken er kløyvd i 16 «blautkakestykke» før borda er hogne jamtjukke. Bordgangane utgjer huda, eller eit «skal» som er klinka saman med jernsaum. Banda og innveden, som er hoggen av stamme- og greinkrokar, utgjer skjelettet til skipet. Banda er surra fast til bordgangane med seige røter og trenaglar. Byggjemåten gir relativt lette, men sterke og seige skip som er lettdrivne. Dette er ein føresetnad for at skipa i si tid var så overlegne som dei var, og for at vikingane blei så store og mektige som dei blei. Skipa fungerte som effektive plattformer for framrykking, kamp og tilbaketrekking. Samtidig var dei brukbart sjødyktige.
Strukturen til skipa seier noko om bruken og dei sosiale forholda om bord. Gokstadskipet har hatt 16 par årer på om lag 23 meter skroglengd. Under roing blei masta lagd ned. Åra stakk ut gjennom årehòlet i skutesida. Kvar roar sat på si eiga kiste. For å kunne ro effektivt tok ein eit godt fråspark med hælen. Var båten rigga for kamp, hadde han 32 skjold på kvar side. Den attarste roaren på styrbord side sørgde for at mannskapet heldt takten. Roaren hadde god utsikt mot høvedsmannen til rors, men såg verken havet eller åra på sida av båten. Ein kunne kjenne båten lystre og rykkje fram for kvart åretak.
Allereie i vikingtida var det ein lang rotradisjon langs norskekysten, men råseglet ser ut til å vere eit relativt nytt trekk ved desse båtane. Osebergskipet, som er årringsdatert til år 820, er den eldste båten med rigg og segl som vi kjenner til frå dei nordlege farvatna våre. Han blir gjerne omtalt som ein båt for kystseglas. Gokstadskipet frå om lag år 900 er meir å rekne som ein havgåande farkost. Eit godt, fullbemanna ro- og seglskip gav stor fleksibilitet og evne til å ta seg fram. Gokstadskipet hadde 32 roarar ved årene og antakeleg 32 mann på frivakt. Slik kunne skipet roast kontinuerleg i dagevis så lenge mannskapet hadde tilgang til drikkevatn og proviant. Kvar roar hadde fritid og høve til å kvile og ete halve døgnet. To og to menn delte ei åre og ei kiste. Å ro er ei basisferdigheit som ein kan halde på med i timevis. Fullbemanna hadde skipet truleg eit mannskap på minimum 65 mann, som òg kunne vere krigarar når det trongst.
Eit skip bemanna på denne måten var ei «sosial maskin» som utan problem kunne ta seg fram langs heile norskekysten i sommarsesongen, og som utan vanskar kunne krysse Nordsjøen eller Skagerrak om vêret tillét det. Dersom ein la seg til ved land om natta, blei masta lagd ned og ullseglet tjelda, eller det blei brukt som telt over mannskapet. Ein kunne fyre bål om bord for å lage mat og halde varmen.
Reiser i det nordatlantiske havområdet var prega av andre farar enn det å møte folk. Det som betydde mest, var å ha ein stor og trygg båt som kunne føre det ein trong av varer og utstyr for landnåm eller handel. Mot tusenårsskiftet dukka det opp meir drektige lastebåtar. Vraket Skuldelev I, som blei funne i Roskildefjorden i Danmark, blei opphavleg bygd i Sognefjorden mot slutten av vikingtida. På lasteskipa stod masta oppe heile tida, og ein brukte berre nokre få årer til å manøvrere og flytte seg rundt i hamna. Riggen og seglet gjorde skipet i stand til å reise med meir last og mindre mannskap. Men det kravde òg at ein hadde høve til å vente på gunstig bør. Råseglet er eit godt segl for rom vind, men ein kan òg segle mot vinden eller beite med det så ein vinn høgd. Dei spesialiserte lastebåtane ser ut til å ha dukka opp når statsdanninga og maktmonopoliseringa gjorde at ein ikkje lenger trong eit fullbemanna mannskap for å ivareta tryggleiken for skipet og lasta. Høvdingsamfunnet tidlegare i vikingtida må ha vore ei form for røvarøkonomi der ein heile tida måtte ta vare på verdiane sine og hevde æra si. Då var Gokstadskipet meir eigna enn ein rein lastebåt.
Skulle ein frå vestlandskysten og på landnåm i vesterveg, passa det fint å reise med til dømes Skuldelev I. Då som no kom lågtrykka inn frå vest. Var vinden god, kunne ein gi seg i kast med havet og segle frå øy til øy utan kart og kompass. Evna til å navigere kvilte på ein munnleg kultur eller tradisjon som forklarte reiseruta. Reisa starta på ein kjend stad på ein kjend «breiddegrad». Ved å måle solhøgda midt på dagen eller bruke eit enkelt solkompass kunne ein følgje breiddegrada vestover i retning Midgardsormen, mot Shetland, Færøyane, Island, Grønland og Vinland. Det fungerte som ei form for utvida kystnavigasjon eller øyhopping. Blei vêret for ille, kunne ein berge seg ved å segle med vêret heim igjen til ein trefte norskekysten. Den kan verke skummel med alle skjera og båane sine, men bak fallgarden (grunnar i sjøen der havbølgjene blir brotne) er farvatnet smult, og den norske sommarnatta er lys. Skulle ein i austerveg, var behova ganske annleis. Ein kunne segle til Staraja Ladoga eller Novgorod på veg mot Miklagard. Derfrå måtte ein truleg halde fram med hest og slede på vinterisen eller ro vidare med småbåtar på elvane sommarstid.
I vikingtida kunne ein segle ut i handel, sjørøving, strid eller landnåm. Vi må tru at desse ulike næringane blei kombinerte og såleis medførte både ære, rikdom og død. I dag gir vikingskipet oss høve til å reise på heilt andre måtar. Vi kan segle til fortida – både i praktisk, intellektuell og meir mytisk eller drøymande forstand. Det norske folket har lang erfaring med å overleve langs kysten med fiske, handel og fraktefart. Denne erfaringa, eller kunnskapen, har røter som går tilbake til vikingtidssamfunnet, og bidreg til å kaste lys over vikingane og levemåten deira. Samtidig er det vanskeleg for oss å fullt ut forstå kulturen, tankesettet og samfunnet deira, som var bygd opp rundt ætta, høvdingeveldet og sjørøveriet.