Norges Bank

1920–1946 - Funksjonen til pengar som bytemiddel, målestokk og verdioppbevarar

1920-1946

Bytemiddel

Setlar og skiljemynt var dei vanlegaste betalingsmidla. Under den første verdskrigen hadde det på grunn av metallmangel blitt laga skiljemyntsetlar, 1-kroner («raudegardistar») og 2-kronesetlar («bolsjevikar»). Desse skiljemyntsetlane blei inndratt. Etter avviklinga av den skandinaviske myntunionen var det berre mogleg å bruke norske setlar og myntar (bildet). Mange fekk bankinnskota sine frosne under bankkrisa på 1920-talet. Det var ein vanskeleg periode for bankvesenet. Under den andre verdskrigen var det setelrikelegheit. Det var mange setlar i omløp, men få varer å kjøpe. Det blei mogleg å overføre pengar ved bruk av postgiro frå 1943 og bankgiro frå 1946.

Målestokk

Målestokken varierte. Det var deflasjon og eit stort fall i prisnivået som blei forsterka av paripolitikken (bildet). «Meteren» blei lengre. Kroneverdien styrkte seg kraftig og blei lovfesta på gammal pris til gull på førkrigsnivå i 1928. I 1931 blei gullstandarden suspendert. Frå midten av 1930-talet var det inflasjon. Under den andre verdskrigen mista setlane mykje av verdien sin. Det var streng varerasjonering og priskontroll. Pengetrykkinga til dei tyske okkupantane førte til stor pengerikelegheit. Da freden kom i 1945, blei det gjennomført ei pengesanering der dei gamle setlane måtte vekslast inn mot nye setlar innanfor lovfesta kvotar. Overskytande beløp måtte plasserast på bunden bankkonto eller som riksinnskot i Noregs Bank.

Verdioppbevarar

Under bankkrisa på 1920-talet blei mange bankar sette under administrasjon og seinare slått saman med andre bankar eller avvikla. Innskytarane fekk innskota sine frosne. I denne perioden skjedde det store omfordelingar av verdiar. Prisane fall. Dei som hadde nominell gjeld, fekk ei større gjeldsbyrde ettersom realverdien av gjelda voks. Prisfallet blei forsterka av den hardhendte paripolitikken. I 1936 blei det innført ein skatt på bankinnskot. Mange reduserte derfor innskota sine og heldt pengane i setlar. Under den andre verdskrigen var det sterk direkte og undertrykt inflasjon. Realverdiar var den sikraste måten å oppbevare verdiar på.