Norges Bank

1946 - Pengesanering og ny sentralbanksjef

I juli 1945 blei hovudsetet til Noregs Bank flytta tilbake frå London til Oslo. Nicolai Rygg blei gjeninnsett som sentralbanksjef. 

Pengesanering i Finnmark i 1945

Bildet er tatt i Finnmark i samband med pengesaneringa i september 1945. 

I september 1945 blei ein lov om pengesanering sanksjonert og sett i verk. Han innebar omgåande registrering av alle setlar, bankinnskot og verdipapir. Gamle setlar blei gjorde ugyldige og måtte omgåande vekslast inn i nye, mellombelse setlar. Desse hadde blitt førebudde under krigen og var i all i hemmelegheit blitt trykte opp i seteltrykkeriet til Noregs Bank. Delar av dei gamle setelbehaldningane blei bundne på særskilde riksinnskotskontoar. 

Dei mellombelse setlane blei frå 1948 gradvis erstatta av setlar med større kunstnarisk og setelteknisk kvalitet. 

6. januar 1946 gjekk Nicolai Rygg av med pensjon etter å ha vore sjefsdirektør sidan 1920. Gunnar Jahn blei ny sentralbanksjef.

I 1946 blei det også gjennomført eit økonomisk oppgjer mellom Noregs Bank og staten etter krigen. Noregs Bank fekk tilbakeført gullbehaldninga og resten av valutareservane frå staten, i tillegg til store valutareservar som var tente opp av Nortraship i løpet av krigen.