Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i mars 2026

Noregs Bank gjennomfører valutatransaksjonar på vegner av staten og for å finansiere Noregs Banks overføring av utbyte og rentar til staten. I mars 2026 vil Noregs Bank netto selje valuta tilsvarande 724 millionar kroner kvar dag til desse formåla. Nettobeløpet kjem frå at Noregs Bank har behov for å selje valuta tilsvarande 600 millionar kroner kvar dag på vegner av staten og samstundes behov for å selje valuta tilsvarande 124 millionar kroner kvar dag for å finansiere overføring av utbyte og rentar til staten.

Valutatransaksjonar på vegner av staten

Noregs Bank vil selje valuta på vegner av staten tilsvarande 600 millionar kroner kvar dag i mars 2026.

Den norske staten har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekkje eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytte til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.

Les meir om petroleumsfondsmekanismen og valutatransaksjonane på vegner av staten.

Finansiering av overføring av utbyte og rentar til staten

Noregs Bank vil selje valuta tilsvarande 124 millionar kroner kvar dag i mars 2026 for å finansiere overføring av utbyte og rentar til staten.

Hovudstyret i Noregs Bank vedtok i desember 2025 å kjøpe kroner for å finansiere overføring av utbyte og rentar til staten for rekneskapsåret 2025. Totalbeløpet for utbyte og rentar er fastsett til 29,4 milliardar kroner. Kronekjøpa vil bli fordelte jamt utover dei same handledagane som det kan handlast valuta på vegner av staten i perioden frå og med mars 2026 til og med februar 2027. Vekslingsbehovet vil ikkje endre seg.

Sjå pressemelding for meir informasjon om finansiering av overføringar til staten.

Kontakt:

Pressetelefon: 22 31 60 60
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 27. februar 2026 10:00