Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i juli 2022

Noregs Bank vil kjøpe valuta på vegner av staten tilsvarande 1500 millionar kroner kvar dag i juli 2022.

Den norske stat har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekke eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytta til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.

Les meir om petroleumsfondsmekanismen og valutatransaksjonane på vegner av staten her.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 30. juni 2022 10:00