Pressemelding
Valutatransaksjonar i mai 2022
Noregs Bank vil kjøpe valuta på vegner av staten tilsvarande 2000 millionar kroner kvar dag i mai 2022.
Den norske stat har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekke eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytta til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no