Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i februar 2019

Noregs Bank vil selje valuta på vegner av staten tilsvarande 450 millionar kroner kvar dag i februar 2019.

Noregs Bank kjøper kvar månad valutainntektene frå Statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE). Dersom netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda overstig det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, overførast deler av valutainntektene frå SDØE til Statens pensjonsfond utland (SPU). Noregs Bank seljer den resterende valutaen i marknaden.

Dersom netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda ikkje er stor nok til å dekke det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, vil det måtte overførast valuta frå SPU for å dekke deler av oljepengebruken. Noregs Bank vil da selje valuta frå SPU i marknaden saman med valutainntektene frå SDØE. Dette er ei oppgåve Noregs Bank gjer på vegner av staten.

For meir informasjon, sjå Norges Banks valutatransaksjoner med SPU.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 31. januar 2019 10:00
Publisert 31. januar 2019 10:00