Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i desember 2017

Noregs Bank vil selje valuta på vegner av staten tilsvarande 900 millionar kroner kvar dag til og med 15. desember 2017.

Noregs Bank kjøper kvar månad valutainntektene frå Statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE). Dersom netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda overstig det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, overførast deler av valutainntektene frå SDØE til Statens pensjonsfond utland (SPU). Noregs Bank seljer den resterende valutaen i marknaden.

Dersom netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda ikkje er stor nok til å dekke det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, vil det måtte overførast valuta frå SPU for å dekke deler av oljepengebruken. Noregs Bank vil da selje valuta frå SPU i marknaden saman med valutainntektene frå SDØE. Dette er ei oppgåve Noregs Bank gjer på vegner av staten.

For meir informasjon, sjå Noregs Banks valutatransaksjonar med SPU

Merk at teksten "kvar dag til og med 15. desember" mangla i forrige pressemelding.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 30. november 2017 10:37