Valutatransaksjonar i januar 2015
Noregs Bank vil selje valuta tilsvarande 500 millionar kroner kvar dag i samband med avsettinga til Statens pensjonsfond utland (SPU) i januar 2015.
Noregs Bank overfører kvar månad valuta til SPU. Avsettingane blir dekte av valutainntekter frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE). Dersom valutainntektene frå SDØE overstig avsettingane til SPU, vil Noregs Bank selje overskytande valuta i marknaden. Dette er ei oppgåve Noregs Bank gjer på vegne av staten.
Noregs Bank samlar opp valutaen som skal avsettast til SPU i petrobufferporteføljen. Avsettingane til SPU har ein periode vore mindre enn venta. Petrobufferporteføljen har derfor vorte større enn naudsynt. Noregs Bank vil gjennom 2015 gradvis redusere størrelsen på petrobufferporteføljen ved å selje valuta i marknaden.
For meir informasjon, sjå Valuta til Statens pensjonsfond utland
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no