Minnemyntutgivingar i 2014
I 2014 er det 200 år sidan Grunnlova blei vedteken. For å markere denne viktige hendinga gir Noregs Bank ut to minnemyntar.
Noregs Bank gir ut ein 20-kroners sirkulasjonsmynt med spesialpreg og ein jubileums- og minnemynt i sølv med pålydande verdi 200 kroner for å markere grunnlovsjubileet. Begge myntane vil bli utgitt i første halvår 2014.
Det er gjennomført ein kunstnarkonkurranse om utforminga av jubileumsmotivet. Vinnarforslaget er det biletkunstnar, målar og teiknar Esther Maria Bjørneboe som har stått for. Det same jubileumsmotivet vil bli brukt på begge myntane. Mottoet for motivet er «Grunnlovas far og folkestyret». Jubileumsmotivet vil bli offentleggjort når myntane blir utgitt i 2014.
Noregs Bank samarbeider med Stortingets hovudkomité for jubileet om å gi ut minnemyntane. 200-årsjubileet for Grunnlova skal formidle kunnskap om Grunnlova og kva ho har hatt å seie for det norske folkestyret. Jubileet skal bidra til deltaking og engasjement i demokratiet og leggje til rette for folkefest i heile landet.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no