Norges Bank

Pressemelding

Valutakjøpa til Noregs Bank i november 2012

Noregs Bank vil i november ikkje kjøpe valuta til Statens pensjonsfond utland.

Finansdepartementet har i oktober bestemt at det med verknad frå 2012 vil bli avsett midlar til Statens pensjonsfond utland (SPU) også i desember. For inneverande år inneber det at om lag halvparten av den opphavlige avsetninga i november skyvast til desember. Omlegginga inneber også at valutainntektene frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE) i desember vil bli nytta til å dekke avsetninga til SPU for 2012. I tillegg har Noregs Bank gjennom 2012 opparbeida ein betydeleg behaldning i petrobufferporteføljen for å dekkje avsetninga mot slutten av året. Dermed er behovet for at Noregs Bank kjøper valuta i marknaden redusert.

Finansdepartementet fastset storleiken på den månadlege avsetninga til fondet. Noregs Banks kjøp av valuta er lik differansen mellom denne avsetninga og dei anslåtte valutainntektene i SDØE. Det blir justert for eventuelle revisjonar av anslaga. Det medfører at dei daglege kjøpa kan variere ein del frå månad til månad. Dei daglege valutakjøpa blir fastsette for éin månad om gongen og blir kunngjorde siste arbeidsdagen månaden før.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 31. oktober 2012 10:00