Norges Bank

Pressemelding

Eit effektivt betalingssystem

- Det norske betalingssystemet er effektivt, men det er likevel rom for forbetringar. Nye betalingstenester vil gjere betalingsformidlinga raskare, seier Jan F. Qvigstad, visesentralbanksjef i Noregs Bank.

Noregs Banks Årsrapport om betalingssystem 2011 viser at vi er eit land med utstrekt bruk av elektroniske tenester. Saman med Island er Noreg i verdstoppen i bruken av betalingskort. Det er likevel råd å redusere betalingskostnadene.

- Elektronisk utveksling av informasjon bør utnyttast i større grad enn i dag. Statens krav om å få elektronisk faktura frå leverandørane sine i avtalar inngått etter 1. juli i år vil kunne bidra til ein kostnadsreduksjon på dette feltet, seier Qvigstad.

Ny teknologi opnar for nye betalingsløysingar. Nokre bankar i Noreg er i ferd med å utvikle løysingar for kontaktlause betalingar med mobiltelefon og betalingskort. Banknæringa planlegg òg andre tenester og endringar i betalingsoppgjera som gjer at betalingane kjem raskare fram til mottakaren.

- Noregs Bank er positiv til initiativ som gjer betalingsformidlinga raskare og meir effektiv, så sant tryggleiken og driftsstabiliteten er god, seier visesentralbanksjefen.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 30. mai 2012 10:00