Norges Bank

Pressemelding

Minnemynt i sølv markerer dobbeltjubileet til kongeparet

Deira Majestetar Kong Harald V og Dronning Sonja fyller begge 75 år i 2012. For å markere denne hendinga gir Noregs Bank ut ein jubileumsmynt i sølv på kongens fødselsdag, 21. februar. Dronning Sonja fyller 75 år 4. juli.

Minnemynt advers    Minnemynt revers

– Dobbeltjubileet til kongeparet er ei hending som Noregs Bank ønskjer å markere med ein sølvmynt, seier seniorrådgivar Svein Nygård i Noregs Bank si avdeling for kontante betalingsmiddel. – Vi synest at portretta av kongen og dronninga har fått ei balansert og harmonisk plassering i myntflata. 

Noregs Bank inviterte fem deltakarar til ein kunstnarkonkurranse om utforming av portretta på framsida av mynten. Vinnarmotivet er utforma av bilethoggar Håkon Anton Fagerås. Riksvåpenet på baksida til mynten er utforma av Ingrid Austlid Rise, formgivar ved Det Norske Myntverket. 

Sølvmynten har pålydande verdi 200 kroner og blir gitt ut i eit opplag på høgst 40 000 stykk. Utsalsprisen eksklusive ekspedisjonskostnader og porto er 475 kroner per stykk. Mynten kan bestillast direkte frå Noregs Bank via nettbutikken vår, www.norges-bank.no/myntsalg/. 

Det er vedteke at eit eventuelt overskot frå salet av denne minnemynten skal gå til allmennyttige formål – og i dette tilfellet fordelast med 50 prosent kvar på høvesvis Kronprinsparets Fond og Prinsesse Märtha Louises Fond. 

Bilete og beskriving av minnemynten i sølv er lagt ut på nettsidene til banken.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 21. februar 2012 10:00