Norges Bank

Pressemelding

Raskare betalingar

- Effektive betalingar er ein føresetnad for ein velfungerande økonomi. Betalingar bør gjennomførast snøgt, sikkert og til låge kostnader. Det er store skilnader i kostnader ved ulike måtar å betale på. Samfunnet kan redusere kostnadene gjennom betre utnytting av automatikk, seier sentralbanksjef Øystein Olsen i samband med framlegg av Noregs Banks årsrapport om betalingssystem.

- I 2010 auka talet på daglege nettooppgjer mellom bankar i Noreg frå to til tre. Det opnar for raskare betalingar og betre bruk av likviditet. Særleg dei som er involverte når større pengesummar skiftar eigar, bør ta i bruk sjansane som no byr seg, seier sentralbanksjefen.

Elektronisk utveksling av informasjon kan nyttast meir. Det ville gjere handsaminga av betaling og rekneskap i verksemder og forvaltning meir effektiv. Kravet frå staten om bruk av eFaktura i statleg verksemd innan 1. juli 2012 og for all offentleg verksemd innan 1. juli 2013 er nyttig for å få løyst ut eit slikt potensiale.

Finanskrisa var ein vekkjar for marknadsaktørar og styresmakter i mange land. Ein fekk òg syn for kor mykje robuste system kan ha å seie for at finansmarknader og finansinstitusjonar skal fungere i periodar med stress. Det internasjonale arbeidet med å syte for ein sikker og effektiv infrastruktur for finansielt oppgjer er no kome fram til perioden der nye standardar og reglar vert fastsett.

- Dei norske systema for betalingar, avrekning og oppgjer held eit godt internasjonalt nivå. Det er ikkje grunn til å tru at dei nye internasjonale tilrådingane om finansiell infrastruktur som no er på høyring, vil by på særleg store utfordringar for norske aktørar. Men tryggleiken for avreknings- og oppgjerssystema rundt om i verda vil kunne verte betre som resultat av dette arbeidet, seier sentralbanksjef Øystein Olsen.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 26. mai 2011 09:30