Norges Bank

Pressemelding

Noregs Banks årsrekneskap for 2010

For 2010 viser årsresultatet til Noregs Bank eit overskot på 12,6 milliardar kroner, mot eit underskot på 7,6 milliardar kroner i 2009. Endringa kjem i første rekkje av eit lågare kurstap på valutareservane fordi den norske krona er blitt sterkare. Det blir ikkje gjort overføring til statskassen frå overføringsfondet.

Netto internasjonale reservar er den dominerande eigedelen til Noregs Bank når ein ser bort frå Statens pensjonsfond utland (SPU), som ikkje påverkar resultatet til Noregs Bank. Noregs Bank tek imot innskot frå staten og bankar. Banken har mykje eigenkapital og gjeld i form av setlar og mynt i omløp. Blant eigedelane har banken i hovudsak plasseringar som gir avkasting. Over tid vil banken derfor ha ganske store overskot. Eigedelane er gjennomgåande plasserte i valuta, og gjelda er i norske kroner. Det inneber at dei bokførte resultata vil variere med krona, og at dei vil vere svake når krona styrkjer seg, slik ho gjorde i fjor.
 
Renteinntekter og utbyte av plasseringar i utlandet utgjer 7,6 milliardar kroner i 2010 – 0,3 milliardar kroner høgare enn i 2009. Kursoppgangen i dei internasjonale verdipapirmarknadene i 2010 har ført til ein gevinst på 9,4 milliardar kroner, mot ein gevinst på 32,7 milliardar kroner året før. Styrkinga av den norske krona har ført til eit kurstap på i alt 5,1 milliardar kroner i 2010, mot eit kurstap på 53,1 milliardar kroner i 2009. Kurstap som kjem av styrkt kronekurs, påverkar ikkje den internasjonale kjøpekrafta til valutareservane.

Ved utgangen av 2010 utgjorde dei internasjonale reservane, når ein tek omsyn til attkjøpsavtalar, innlån og kontantsikkerheiter, 276,5 milliardar kroner målt etter marknadsverdi. Det er 21,0 milliardar kroner meir enn ved utgangen av 2009.

Etter resultatdisponering utgjer eigenkapitalen til banken i form av kursreguleringsfond 64,0 milliardar kroner. Det er ikkje grunnlag for å overføre midlar frå overføringsfondet til statskassen.

Rekneskapsrapporteringa for Statens pensjonsfond utland er ein del av årsrekneskapen til Noregs Bank. Denne rapporteringa blir presentert i ei eiga pressemelding 18. mars 2011.


Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 18. mars 2011 10:00