Norges Bank

Pressemelding

Gratistenester er ikkje til det beste for bankkundane.

Det er no teikn til at bankane reduserer eller fjernar prisane på mange betalingstenester. – Det er ikkje til det beste for bankkundane, seier sentralbanksjef Svein Gjedrem i samband med framlegginga av Noregs Banks Årsrapport om betalingssystem 2007. – Det krev store investeringar å gjere betalingar sikre og effektive. Dersom inntektene svikter, kan evna og viljen til å investere i betre infrastruktur blir reduserte. Utan kostnadsdekning må dessutan inntekter frå andre tenester finansiere betalingstenestene. Dette gir feil signal til kundane og kan føre til ineffektiv bruk av ressursar, seier Gjedrem.

Rapporten frå Noregs Bank viser at Noreg har eit effektivt betalingssystem. Nesten alle betalingar med kontopengar skjer elektronisk. Ein jamt aukande del av konsumet til hushalda blir betalt med kort. Kvar innbyggjar i Noreg gjorde i gjennomsnitt 207 betalingar med betalingskort i 2007. Bruken av nettbank aukar framleis. Det blei utført 68 betalingar per innbyggjar med nettbank førre året. Internasjonalt ligg Noreg heilt på topp i bruken av slike betalingstenester. Dei siste åra har verdien av kontantar i omløp vore jamt fallande både i høve til konsumet til forbrukarane og i høve til dei totale betalingsmidla. Samanlikna med andre land utgjer kontantane ein låg del av betalingsmidla i Noreg. 

Høg kvalitet
Utstrakt bruk av kontopengar stiller høge krav til systema som handterer slike transaksjonar. Sidan sommaren 2007 har dei internasjonale finansmarknadene vore prega av uro. I slike høve kan finansinstitusjonane vere sårbare for forstyrringar. Da er det særleg viktig at den finansielle infrastrukturen er robust. Systema for avrekning og oppgjer av betalingstransaksjonar (interbanksystema) er ein del av denne infrastrukturen. Der blir både store overføringar mellom bankane og små betalingar mellom bankkundar gjorde opp. Noregs Bank overvaker dei norske interbanksystema.

- Vi meiner at systema har høg kvalitet. Dei er i hovudsak utforma slik at dei ikkje aukar risikoen for at eit problem spreier seg mellom bankar, seier sentralbanksjef Svein Gjedrem.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 8. mai 2008 10:00