Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 12/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 8,8 prosent (95,3 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av oktober, mot 8,9 prosent (95,6 milliardar kroner) ved utgangen av september. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei første ti månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 80,8 milliardar kroner, mot 86,2 milliardar kroner i tilsvarande periode i fjor. Den underliggjande veksten var 6,8 prosent ved utgangen av oktober, mot 8,4 prosent ved utgangen av månaden før.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 4,9 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av oktober. Ved utgangen av september var tolvmånadersveksten 4,3 prosent. Den under-liggjande veksten i M2 var -1,9 prosent ved utgangen av oktober, mot 2,1 prosent ved utgangen av månaden før.

Oppgangen i bankane sine utlåns- og innskotsrenter forsterka seg i tredje kvartal 1998. Utlånsrentene gjekk såleis opp med 3,37 prosenteiningar til 9,62 prosent ved utgangen av kvartalet. Rentene på bankinnskot steig med 2,77 prosenteiningar og var 5,79 prosent ved utgangen av perioden. Rentemarginen auka dermed med 0,60 prosenteiningar til 3,83 prosent. Livsforsikringsselskapa sine utlånsrenter gjekk opp med 2,59 prosenteiningar i tredje kvartal og var 8,11 prosent ved utgangen av kvartalet. Kredittføretaka sine utlånsrenter steig med 1,72 prosenteiningar i den nemnde perioden til 7,71 prosent. Rentene på utlåna frå dei statlege låneinstitutta auka med 0,08 prosenteiningar og var 4,13 prosent ved utgangen av tredje kvartal.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 8,9 prosent 30. november. Den effektive tremånadersrenta var 8,3 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 6,7 prosent. Frå 30. oktober til 30. november auka einmånadsrenta med 0,3 prosenteiningar. Tremånadersrenta auka med 0,1 prosenteiningar og tolvmånadersrenta fall med 0,2 prosenteiningar over det same tidsrommet. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokrone-rente og teoretisk ECU-rente 3,8 prosenteiningar 30. november, medan differansen var 3,6 prosenteiningar 30. oktober.

I perioden frå 30. oktober til 30. november styrka kronekursen seg med 0,7 prosent målt mot ECU. Kursen målt mot indeksert ECU varierte mellom 107,6 og 109,2. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien styrka seg med 1,3 prosent over den same perioden.

Noregs Bank selde valuta til bankane for 10,4 milliardar kroner i perioden frå og med 26. oktober til og med 20. november. Statistikken syner at bankane selde valuta til utlendingar for 16,7 milli-ardar kroner og kjøpte valuta frå innlendingar for 7,4 milliardar kroner i dette tidsrommet.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 166,1 milliardar kroner ved utgangen av oktober 1998, samanlikna med 170,8 milliardar ved utgangen av september 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. desember 1998 00:00