Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 5/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 10,5 prosent (106,7 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av mars, mot 10,3 prosent (104,0 milliardar kroner) den føregåande 12-månadersperioden. Ved halvårsskiftet i fjor var 12-månadersveksten 9,4 prosent. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei tre første månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 25,7 milliardar kroner, mot 19,7 milliardar kroner i tilsvarande periode året før. Den underliggjande veksten auka frå 9,3 prosent ved utgangen av februar til 9,7 prosent ved utgangen av mars.

- Eg er betenkt over at den sterke veksten i kreditten held fram, seier visesentralbanksjef Jarle Bergo. Det vitnar om eit sterkt press i norsk økonomi. Den nedgangen ein har venta i vekstraten på bakgrunn av utsegner frå sentrale kredittinstitusjonar om at det er målet, har så langt ikkje blitt noko av. Låneetterspurnaden er etter alt å dømme svært sterk, og slår igjennom i tala, seier Bergo.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 8,4 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av mars. Ved utgangen av februar var tolvmånadersveksten 8,7 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 12,7 prosent ved utgangen av mars, mot 8,8 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 4,2 prosent 30. april. Den effektive tremånadersrenta var 4,3 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 4,7 prosent. Frå 31. mars til 30. april auka eurokronerentene for ein og tre månaders løpetid med 0,1 prosenteiningar. Tolvmånadersrenta auka med 0,2 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,2 prosenteiningar 30. april, uendra frå 31. mars.

I perioden frå 31. mars til 30. april svekka kronekursen seg med 0,5 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 102,2 og 103,2. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien var uendra over den same perioden.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 3,9 milliardar kroner i perioden frå og med 23. mars til og med 24. april. Statistikken syner at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 30,0 milliardar kroner og selde valuta til innlendingar for 29,2 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 189,0 milliardar kroner ved utgangen av mars 1998, samanlikna med 184,2 milliardar kroner ved utgangen av februar 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 4. mai 1998 00:00